Denar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den romerske mynten denarius har gitt namn til mange moderne valutaer.

Denar eller dinar er ein valuta med namn henta frå den romerske valutaen denarius (denarii i fleirtall).

Éin denar tilsvarte i antikken éin gresk drakme, og var i nytestamentleg tid vanleg dagløn for ein arbeidar. Det gjekk

- 4 drakmar eller denarar på 1 stater eller sølvpenge
- 100 drakmar på éin mine eller 100 denarar på eit pund
- 6000 drakmar eller denarar på ein talent.[1]

Mange land bruker forskjellige denar-valutaer:

Mange av desse landa tilhøyrde det gamle osmanske riket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Om mynt i ordforklaringar i Bibelselskapets omsetjing av Bibelen (2011)