Det norske kongeflagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det norske kongeflagget

Det norske kongeflagget har røter attende til mellomalderen, og er kjent frå eit banner i hertuginne Ingebjørg sitt segl frå 1318. Flagget har gull-løva frå riksvåpenet med sølv-øks på raud botn. Løva er eit bibelsk symbol for kongen. Øksa i framlabbane symboliserer øksa som drap Heilag-OlavStiklestad. Riksvåpenet symboliserer eit samband mellom Noregs evige Konge og riksstyret.

Det norske mellomalderflagget, som eigentleg var eit kongeflagg, vart òg bruka på festningsverk og på skip, inntil Dannebrog overtok på 1600-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kongeflagget i unionstida[endre | endre wikiteksten]

Kongeflagget 1844-1905, etter teikning i Marinemuseet i Horten.

Frå 1844 til 1905 var kongeflagget eit orlogsflagg med unionsmerke og splitt og tunge, med kongens personlege våpen sett inn midt i krossen. Kongevåpenet var identisk med unionsvåpenet, ein samanstilling i eitt skjold av Sveriges og Noregs. Over skjoldet stod to kroner for å markere at kongen regjerte over to separate kongerike, og det heile var omgjeve av ein våpenkappe med kongekrone over.

Unionskongane etter 1844 brukte det norske kongeflagget mår dei var i Noreg, og eit tilsvarande svensk kongeflagg i Sverige.

Det siste unionskongeflagget som vaia over Slottet i Kristiania er no ein del av Bernadotte-samlinga i Stockholm.

Kongeflagget etter 1905[endre | endre wikiteksten]

15. november 1905 vedtok den norske regjeringa at eit våpenbanner med kongevåpenet – løva med olavsøksa – på raud duk skulle brukast som kongeflagg. Marinefartøyet Heimdal førte dette kongeflagget då kong Haakon VII kom til Kristiania 25. november. Dette førse kongeflagget vart laga etter ei teikning av den danske heraldikeren Anders Thiset, som saman med Harry Fett var rådgjevar for regjeringa i spørsmål om riksvåpenet. Mange var misnøgde med at ein danske hadde teikna kongeflagget, og difor fekk målaren Eilif Peterssen oppdraget med den endelege utforminga. Hans framlegg til riksvåpenet vart stadfeste ved kongeleg resolusjon 30. desember 1905. Sidan har løva i kongeflagget alltid vore utforma etter Peterssens teikning.

Kronprinsflagget[endre | endre wikiteksten]

Det norske Kronprinsflagget frå 1924.

Kronprinsflagget er mindre enn kongeflagget og har ein butt splitt, elles er duken og våpenet det same. Det vart innført ved kongeleg resolusjon 26. desember 1924.

Bruk av kongeflagget[endre | endre wikiteksten]

Fram til 2003 var det slik at kongeflagget vart heist på Slottet når kongen var heime. No er det slik at kongeflagget vert heist på Slottet når kongen er i landet.

Når kongen ikkje er i landet, er det kronprinsen som er regent, og då vaier kronprinsflagget over Slottet. Når både kongen og kronprinsen er utanlands, heisast statsflagget over slottet.

Kongeflagget vert òg bruka på kongeskipet, når kongen er om bord, og på stiftsgården i Trondheim når kongen bur der.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]