Det georgiske alfabetet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det georgiske alfabetet
Det georgiske alfabetet
«Sakartvelo» (Georgia) skrive med georgiske bokstavar.
Type Alfabet
Periode Siden 5. årh. e.Kr. (trad. 3. årh. f.Kr.)
Språk Georgisk og enkelte andre Kartvelske språk
Avstamming Muligens frå det greske alfabetet
Skapt av trad. Parnavaz I av Iberia
Unicode 10A0 — 10FF
ISO 15924 Geor

Det georgiske alfabetet blir brukt til å skriva georgisk og nokre få andre kaukasiske språk, som mingrelsk. Det blei også brukt til å skriva ossetisk og abkhasisk på 1940-talet.

Dagens alfabet har 33 bokstavar. Ein handfull andre var i bruk tidlegare, men har gått ut av bruk. Bokstavane står nesten i eit ein-til-ein-tilhøve med lydane i georgisk.

Alfabetet er kjent sidan 400-talet, men har uklart opphav. Nokre teikn liknar greske skriftteikn, medan andre kan ha andre opphav. I følgje dei tradisjonelle sogene som vart skrive ned av Leonti Mroveli i det 11. hundreåret, vart det georgiske alfabetet laga av Parnavaz I, den første kongen av Kaukasisk Iberia (også kalla Kartli), i det tredje hundreåret f.Kr.

Det finst tre forskjellige variantar av det georgiske alfabetet, som er så forskjellige frå kvarandre at det ikkje er mogleg å forstå dei to andre ved å forstå eitt av dei. Desse variantane blir kalla asomtavruli (majusklar), nuskhuri (minusklar) og dagens mkhedruli, som ikkje har forskjell mellom store og små bokstavar.

Asomtavruli-alfabetet, også kjend som mrgvlovani ('avrunda'), finst i inskripsjonar frå 400-talet, som i den georgiske kyrkja i Betlehem frå om lag 430, medan visse arkeologiske funn an vera endå eldre. Nuskhuri, også kjend som kutkhovani ('firkanta') dukka opp på 800-talet. Dei to alfabeta blei brukte saman i religiøse tekstar, der dei avrunda asomtavruli-bokstavane blei brukte som majusklar. Saman var dei kjend som khutsuri, 'kyrkjeskrift'.

Det moderne alfabetet, mkhedruli ('sekulær' eller 'militær skrift'), dukka opp på 1000-talet og blei først brukt til ikkje-religiøse tekstar. Det erstatta kyrkjeskrifta heilt på 1700-talet.

[endre] Alfabetet

Eit 150 meter høgt glastårn med det georgiske alfabetet bygd i Batumi ved Svartehavet.
Bokstavar
Bokstav Unicode Namn Latinsk
transliterasjon
Engelsk
transkripsjon
Uttale (IPA)
U+10D0 an A a А а [a]
U+10D1 ban B b B b [b]
U+10D2 gan G g G g [ɡ]
U+10D3 don D d D d [d]
U+10D4 en E e E e [ɛ]
U+10D5 vin V v V v [v]
U+10D6 zen Z z Z z [z]
U+10D7 tan T t T t [tʰ]
U+10D8 in I i I i [ɪ]
U+10D9 k’an K’ k’ K’ k’ [kʼ]
U+10DA las L l L l [l]
U+10DB man M m M m [m]
U+10DC nar N n N n [n]
U+10DD on O o O o [ɔ]
U+10DE par P’ p’ P’ p’ [pʼ]
U+10DF žan Ž ž Zh zh [ʒ]
U+10E0 rae R r R r [r]
U+10E1 san S s S s [s]
U+10E2 t’ar T’ T’ T’ T’ [tʼ]
U+10E3 un U u U u [ʊ]
U+10E4 par P p P p [pʰ]
U+10E5 kan K k K k [kʰ]
U+10E6 ɣan Ɣ ɣ Gh gh [ɣ]
U+10E7 q’ar Q’ q’ Q’ q’ [qʼ]
U+10E8 šin Š š Sh sh [ʃ]
U+10E9 čin Č č Ch ch [ʧʰ]
U+10EA can C c Ts ts [ʦʰ]
U+10EB ʒil Ʒ ʒ Dz dz [ʣ]
U+10EC c’il C’ c’ Ts’ ts’ [ʦʼ]
U+10ED č’ar Č’ č’ Ch’ ch’ [ʧʼ]
U+10EE xan X x Kh kh [x]
U+10EF ǯan Ǯ ǯ J j [ʤ]
U+10F0 hae H h H h [h]


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk