Donets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Donets
Svjatokhirsk kloster ved Donets i Ukraina
Svjatokhirsk kloster ved Donets i Ukraina
Utspring Det sentralrussiske høglandet
- Høgd 200 moh
Munning Don
- Høgd 5,5 moh
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
UKraina Ukraina
Lengd 1053 km
Middelvassføring 200 m³/s
Nedslagsfelt 98 900 km²
Donets -

Donets, Severskij Donets (russisk Северский Донец) eller Siverskij Donets (ukrainsk Сіверський Донець) er ei elv i Russland og Ukraina og ei av sideelvane til Don frå høgre.

Ho spring ut frå Det sentralrussiske høglandet, nord for Belgorod, og renn søraustover gjennom Ukraina (gjennom Kharkiv, Donetsk og Luhansk oblast) og så inn att i Russland der ho munnar ut i Don i Rostov oblast nedanfor Konstantinovsk, om lag 100 km frå Azovhavet. Donets har ei total lengd på 1053 km.

Dei nedre delane av elva kan nyttast til skipsfart, og vassvegen er ei viktig transportåre i nedslagsfeltet hennar (Donbas), eit område med mykje kolgruvedrift og tungindustri.

Av byar langs Donets finn ein frå kjelda til munningen:

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Donets

[endre] Kjelder