Belgorod

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Belgorod
Белгород
Flagget til Belgorod Byvåpenet til Belgorod
Flagget til Belgorod Byvåpenet til Belgorod


Plassering
Belgorod is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Belgorod oblast
Grunnlagd
Bystatus
1596
1779
Geografi
Flatevidd
 - By

153 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

348 200
  2 275,8 /km²
Koordinatar 50°36′0″N 36°36′0″EKoordinatar: 50°36′0″N 36°36′0″E
Høgd over havet 130 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 308000–308036
Retningsnummer (tlf) (+7)4722

Belgorod (russisk: Бе́лгород) er ein by og administrativt senter i Belgorod oblast i Russland. Han ligg ved elva Donets, rundt 570 km sør for Moskva og berre 40 km nord for grensa til Ukraina. Han har om lag 350 000 innbyggjarar (2007).

Namnet Belgorod er (som med Beograd i Serbia) slavisk for «kvit by». Byen ligg i eit område rikt på kalkstein.

Belgorod er det administrative, industrielle og kulturelle senter for Belgorod oblast, som vart oppretta i 1954. Av høgare utdanningsinstitusjonar i byen finst Belgorod Sjukhov statlege teknologiske universitet, Belgorod statlege universitet, Belgorod jordbruksakademi og Belgorod finansielle akademi.

Belgorod lufthamn ligg 4 km nord for byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden vart første gong nemnd i 1237, då han vart jamna med jorda av Batu Khan sine hordar. I 1596 vart han grunnlagd på ny etter ordre frå Boris Godunov som eit av mange fort bygt for å forsvare dei sørlege grensene til Russland mot krimtatarane.

Etter at den russiske grensa vart flytta lenger mot sør forfall festninga og byen vart lagt inn under Kursk. Peter den store vitja han like før slaget ved Poltava og eit dragon-regiment vart stasjonert i byen fram til 1917.

Under slaget ved Kursk var landsbyen Prokhorovka i Belgorod oblast åstad for det største stridsvognslag i historia den 12. juli 1943. Av minnesmerka over den andre verdskrigen er Belgorod Diorama og ein stor katedral i Prokhorovka.

Kjende personer frå Belgorod[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Belgorod

Kjelder[endre | endre wikiteksten]