Down by the Riverside

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Down by the Riverside» (òg kjend som «Ain't Gonna Study War No More» og «Gonna lay down my burden») er ein spiritual. Han har røter attende til før den amerikanske borgarkrigen,[1] men vart først publisert i 1918 i Plantation Melodies: A Collection of Modern, Popular and Old-time Negro-Songs of the Southland i Chicago av Rodeheaver Company.[2] Songen har òg blitt kalla «Ain' go'n' to study war no mo'», «Ain't Gwine to Study War No More», «Down by de Ribberside», «Going to Pull My War-Clothes» og «Study war no more». Songen vart først spelt inn av Fisk University Jubilee Quartet i 1920 (publisert av Columbia i 1922) og det finst minst 14 svarte gospelinnspelinga før andre verdskrigen.[3]

På grunn av det pasifistiske biletet, er «Down by the Riverside» blitt nytta som ein antikrigssong, særleg under Vietnamkrigen.[1]

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Songen har mange tekstvariasjonar, men vanlegvis følgjer kvar strofe ei standardform, der ein setning varierer frå ei strofe til den neste. Songen byrjar ofte slik:

Gonna lay down my sleepy head
Down by the riverside (3×)
Gonna lay down my burden
Down by the riverside

Med refrenget:

I ain't gonna study war no more
Study war no more
Ain't gonna study war no more

Andre linjer som har vore i strofene, i staden for «Gonna lay down my burden»:

  • Gonna lay down my sword and shield
  • Gonna stick my sword in the golden sand
  • Gonna try on my long white robe
  • Gonna try on my starry crown
  • Gonna put on my golden shoes
  • Gonna talk with the Prince of Peace
  • Gonna shake hands around the world
  • Gonna cross the river Jordan
  • Gonna climb upon that mountain
  • Gonna climb the road to heaven

Tyding[endre | endre wikiteksten]

Det sentrale biletet i songen er å fjerne all negativitet og aggresjon, og ta på seg ei andeleg drakt, ved sida av ei elv før ein kryssar elva. Biletet har fleire tydingar: det referer til dåp, som i det sørlege USA var vanleg å utføre ikledd ein kvit kjole før ein dukka kroppen ned i vatnet. Det referer òg til reisa til himmelen etter døden, der ein nytta metaforen Jordanelva, som i Det gamle testamentet var den siste overreisa før hebrearane kom inn i Det lova landet etter åra deira i ørkenen.[4] Som med mange negro spirituals, kan bibelbiletet òg lesast som ein løynd allusjon til å rømme frå slaveriet, der elva representerer Ohioelva, som var ei grense mellom statar der slaver var lov og forbode før den amerikanske borgarkrigen.[5]

Refrenget «ain't gonna study war no more» er ein referanse til eit sitat frå det gamle testamentet: «Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk, ikkje lenger lærast opp til krig.»[1] Dette sitatet finst to gonger i Bibelen i Jesaja 2:4 og Mika 4:3.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Artistar som har spelt inn songen er mellom andre:

Instrumentalar

Ein nederlandsk versjon kalla «Vrienden voor 't leven» vart skriven av Van Aleda og Johnny Steggerda og framført av Will Tura i 1960.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Katz, Daniel R. (2003). Why Freedom Matters: Celebrating the Declaration of Independence in Two Centuries of Prose, Poetry and Song. Thomas Allen & Son. s. 155. 
  2. Other early prints of Ain't gonna study war no more / Down by the riverside is: Dann, Hollis. Ed.: Fifty-eight spirituals for choral use - Boston, C. C. Birchard & Co., c1924. No notes. Utica Jubilee Singers Spirituals : As Sung at the Utica Normal and Industrial Institute of Mississippi / Taken down by J. Rosamond Johnson. With introduction by C. W. Hyne. Boston : Olivar Ditson Company, nd. Negro Spiritual. Apparently no recordings of Down by the riverside, even though the song vere on the groups repertoire. Boatner, Edward: Spirituals Triumphant, Old and New (Round Note Edition) : National Baptist Convention, Nashville Tennessee Date Published: (1927). No notes. Fisher,William Arms: 1926, Seventy Negro Spirituals, edited for low voice. Oliver Ditson Company, NY, sheet music format, s. 60-62. Noted as Negro Spiritual. Deas, E. C. 1928: Songs and spirituals of Negro composition:
  3. Blues and Gospel Records 1890-1943, 4th ed., OUP, 1997
  4. McMillin, T. S. (2011). The Meaning of Rivers: Flow and Reflection in American Literature. University of Iowa Press. s. 44. 
  5. Anti-War song lyrics and notes, compiled by Laurie Marks (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2016, henta 3. desember 2016