Dunkeld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dunkeld

skotsk-gælisk
skotsk
Dùn Chailleann
Dunkell
Katedralen i Dunkeld
Katedralen i Dunkeld
Plassering
Dunkeld is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Perth and Kinross
Tradisjonelt grevskap Perth and Kinross
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

1 170
Koordinatar 56°34′″N 3°35′″WKoordinatar: 56°34′″N 3°35′″W
Diverse annan informasjon
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dunkeld

Dunkeld (skotsk gælisk Dùn Chailleann) er ein liten by i Strathtay i regionen Perth and Kinross i Skottland. Han har kring 1100 innbyggjarar og ligg omkring 24 km nord for Perth ved A9-vegen i Dei skotske høglanda og på den motsette (nordlege) sidan av elva Tay frå den viktorianske landsbyen Birnam. Dunkeld og Birnan deler jernbanestasjon. Byen har eit sterkt historisk preg, og National Trust for Scotland har fleire eigedomar der.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Dùn Chailleann tyder festninga Caledonii eller «kaledoniarane si festning». Festninga er truleg det som no er King’s Seat, kort stykke nord for byen. Begge stadnamna indikerer ei tidleg tyding for området som strekkjer seg tilbake til jernalderen for den seinare byen og bispesetet.

Dunkeld (Duncalden og andre variantar i tidlege dokument) er etter sigande vorte ‘grunnlagt’ eller ‘bygd’ av Caustantín av piktarane, konge av piktarane (død 820), denne grunnlegginga referer truleg til ein heilagdom som allereie hadde verdsleg tyding. ‘Steinen til apostlane’, ei utsmykka men særs slitt og øydelagt kross-plate som no blir oppbevart i katedralmuset, Cathedral Museum, kan daterast til denne tida. Ei godt verna keltisk handbjølle av bronse som tidlegare vart oppbevart i soknekyrkja til ‘Little Dunkeld’ (no innanfor landsbyen Birnam) på den sørlege breidda av Tay på motsett side av Dunkeld, kan òg ha overlevt frå det tidlege klostret (ein replika finst i Cathedral Museum).

Til den tidlege kyrkja eller klostret skal etter sigande Cináed mac Ailpín (Kenneth I av Skottland) ha brakt ein del av relikviane til Sankt Columba av Iona «til kyrkja som han bygde». Relikviane vart delt opp på Cináed mac Ailpín si tid mellom Dunkeld og klostret på Kells i Irland for å verne dei mot rov frå norske vikingar eller andre hærmenn. Dedikasjonen til den seinare mellomalderkatedralen var til Sankt Columba. Denne tidlege kyrkja var for ei tid det geistlege hovudsetet for det austlege Skottland (ein status som seinare på 900-talet vart overført til St. Andrews). Eit oppslag i Ulster-annalane for 865 referer til dødsfallet til Tuathal, son av Artgus primepscop (gammalirsk for «sjefbiskop») av Fortriu (sørlege Piktland) og abbeden av Dunkeld.

Klostret vart herja av danske vikingar som sigla opp elva Tay i 903, men klostret fortsette å bløme inn 1000-talet då biskopen der, Crinán (død 1045), ved å gifte seg med ei av døtrene til Máel Coluim mac Cináeda (Malcolm II av Skottland), vart ein av forfedrane til dei seinare kongane av Skottland gjennom sonen hans Donnchad mac Crínáin (Duncan I av Skottland).

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Bispesetet Dunkeld vart gjenreist av kong Alasdair mac Maíl Choluim (Alexander I av Skottland). Mellom 1183 og 1189 vart det nye bispedømmet i Argyll skilt frå Dunkeld som opphavleg hadde strekt seg til vestkysten av Skottland. Ved år 1300 administrerte bispedømmet Dunkeld som inkluderte seksti soknekyrkjer, mange av dei var merkeleg nok fordelt mellom bispedømma St. Andrew og Dunblane. Det restaurerte katedralkoret er datert frå tidleg på 1400-talet. Det vestlege tårnet, sør-bislaget og domkapittelet (som no husar Cathedral Museum) vart bygd mellom 1450 og 1475. Katedralen vart strippa for det rike inventaret sitt etter reformasjonen på midten av 1500-talet. Kyrkjeskipet og bislaget har vore utan tak sidan tidleg på 1600-talet, og både desse samt tårnet er no administrert av samskipnaden Historic Scotland.

Nedanfor himlingen på den første etasjen til tårnet er det restar av veggmåleri frå før reformasjonen som viser bibelske scener (ca 1490), eit av dei særs få som har overlevt i Skottland. Den best verna viser «Salomos dom», noko som syner at dette rommet i mellomalderen vart nytta som domstolen til biskopen. Innanfor tårnet er det verna nokre fragment av steinverk assosiert med katedralen og dei omliggande områda, inkludert ei piktisk utskjering av ein ryttar med spyd og eit drikkehorn, og mange mellomalderske gravmonument.

Katedralmuseet held hus i det tidlegare domkapittelet og sakristiet på nordsida av koret. Etter reformasjonen vart domskapitelet brukt som gravmidtgang for jarlane, markisane og hertugane av Atholl, og inneheld fleire detaljerte monument frå mellom 1600-talet og tidleg på 1800-talet. Òg verna i museet er to tidlege kristne krossplater og andre gjenstandar, og ei vising av historia til Dunkeld og katedralen. I juni 2005 var det eit større tjuveri frå museet. Blant det som vart stolen var ein quaich (skotsk kopp med to henker), koparar for kommunionar, ei klokke av bronse med trehandtak frå 1600-talet som hadde vore nytta i kyrkja.

Slaga ved Dunkeld[endre | endre wikiteksten]

Det meste av byen vart øydelagt under slaget ved Dunkeld då regimentet 26th Foot (Cameronian Regiment) klarte å sigre over jakobittane kort tid etter sigrane til desse ved slaget ved Killiecrankie. Hol frå muskettkuler som vart skoten under slaget er enno synlege i katedralveggen.

Byen[endre | endre wikiteksten]

Hovudgata i Dunkeld

Gjenoppbygginga av byen har gjort han til ein av dei mest komplette landsbyane frå 1700-talet i Skottland. Mange av dei grovmurte, landsens bygningane har vorte restaurert av samskipnaden National Trust for Scotland (NTS). Dagens gatestruktur i den eldre bydelen består av eit Y-forma arrangement, parallell med elva Tay, og skrånar til ei gate (Brae Street/High Street) frå aust til ein lang V for marknadsplassen, kjent som «The Cross» (‘Krossen’). Passasjar som fører frå hovudgata gjev tilgjenge til bakgardane til husa, eit tradisjonelt arrangement i Skottland. På staden for den tradisjonelle marknadskrossen er det ein fantasifull neo-gotisk fontene, Atholl Memorial Fountain (NTS) som vart bygd i 1866 som eit monument for George Murray, 6. hertug av Atholl (1814-1864). Fontena er minneverdig for heraldikken og symbolet for frimurarorden. Murray var stormeister av storlosjen i Skottland i åra 1843-1864.

Vest for marknadskrossen er butikken Ell Shop (NTS), bygd i 1757 og som har namnet sitt frå eit jarn-alen (iron ell), målet til vevaren, festa mot eit hjørne. Denne bygningen er etter sigande å vere på staden for hospitalet til byen i mellomalderen, tileigna til Sankt George. Ved det nordvestlege hjørnet på den same rada er Hertuginnen av Atholls jenteskule, reist i 1853 i neo-gotisk stil, og vanlegvis kjent som «Hertuginne Anne» etter grunnleggjaren Anne Home-Drummond (1814-1897), hustru til den 6. hertug av Atholl og Mistress of the Robes (kongeleg tenarinne) av dronning Victoria. Bygningen er brukt for utstillingar og andre aktivitetar, mest kjent for dei populære og årlege kunstustillingane om somrane, Dunkeld Art Exhibition.

Venstre arm av Y-en fører langs Cathedral Street til mellomalderkatedralen og den høgre armen, no stort blokkert, fører opphavleg til Dunkeld House, bygd av Sir William Bruce i 1676-1684 for 1. marki av Atholl, ein gong eit av dei viktigaste herskapshusa i Skottland, vart riven i 1827. Ei neo-gotisk erstatning vart påbegynt på same stad, men vart heldigvis aldri fullført og det finst ikkje noko spor av dette bygget igjen. Området rundt katedralen var det viktigaste for busetjinga i mellomalderen og i tidlegare tider. Her stod bustadene til dei geistlege i katedralenmed palasset til biskopen vest for kyrkja. Dette var òg staden der brua til mellomalderen gjekk over Tay.

Planstrukturen i byen vart radikalt endra i 1809 på grunn av ei ny steinbru over Tay austom byen, konstruert av Thomas Telford, og det vart utleia ei ny gate (Bridge Street-Atholl Street) i rette vinklar i tilhøve til den gamle grupperinga. Denne gata, som har enno har mykje av den georgianske utsjånaden, var ein del av hovudruta nord til Inverness inntil Dunkled vart omkøyrd av motorvegen A9 på 1970-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]