Argyll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Argyll
region
Land  Storbritannia
Del av Skottland
Folketal 64 446 (2011)
Kart
Argyll
56°15′N 5°15′W / 56.25°N 5.25°W / 56.25; -5.25
Wikimedia Commons: Argyll

Argyll (skotsk-gælisk Earra-Ghaidheal), nokre gonger også anglifisert som Argyllshire, er eit av dei historiske grevskapa i Skottland.[1] Namnet blir også skrive som Argyle. Dette namnet kan også visa til eit tekstil- og klesmønster i to eller fleire fargar som blir hevda å vera likt tartanmønsteret nytta av Campbell-klanen i Argyll.[1]

Den historiske hovudbyen til grevskapet er Inveraray, som framleis er setet til hertugen av Argyll. Dei andre hovudbyane er Oban, Campbeltown og Lochgilphead.

Ardnamurchan og Morvern, nord for Isle of Mull, er også ein del av fylket. Øyane Muck, Rum, Canna og Sanday, «dei små øyane», er også ein del av det historiske grevskapet, sjølv om dei har vore administrerte av Invernesshire sidan 1891 i lag med Eigg.

Regionen Argyll and Bute dekkjer det meste av grevskapet Argyll og Isle of Bute (i Buteshire) og området vest for Loch Lomond (del av Dunbartonshire). Administrasjonsbyen for dette området er Lochgilphead.

Fotballklubben Plymouth Argyle i England har namnet sitt frå Argyll i Skottland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Argyle (n.)», Online Etymology Dictionary

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]