EM i fotball 1968

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frimerke frå Ajman med Italias vinnarlag under EM 1968

Europameisterskapen i fotball 1968 var den tredje europameisterskapen i fotball. Meisterskapen vart avvikla i Italia med fire deltakarland i tida 5. til 10. juni 1968. Omframt vertsnasjonen Italia hadde England, Jugoslavia og Sovjetunionen kvalifisert seg gjennom gruppespel og kvartfinalar i tida hausten 1966-våren 1968.

Italia og Sovjetunionen spela 0-0 i fyrste semifinalen, Italia fekk så finaleplass etter myntkast. I den andre semifinalen sigra Jugoslavia 1-0 over England etter eit mål av Dragan Dzajic. England vann så bronsemedalje i meisterskapen med 2-0 over Sovjetunionen, måla vart skåra av Bobby Charlton og Geoff Hurst.

8. juni 1968 møttest Italia og Jugoslavia og spela 1-1 i den fyrste finalen. To dagar seinare var det klar for omkamp, begge desse kampane gjekk på Stadio Olimpico i Roma. I omkampen gav Luigi Riva Italia leiinga i det 12. minutt og Pietro Anastasi la på til 2-0 etter 31. minutt. 2-0 vart også sluttresultatet. Italia stilte med fylgjande mannskap i omkampen; Dino Zoff, Tarcisio Burgnich, Giacinto Facchetti (kaptein), Roberto Rosato, Aristide Guarneri, Sandro Salvadore, Angelo Domenghini, Sandro Mazzola, Pietro Anastasi, Giancarlo De Sisti, Luigi Riva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Rothmans Football Yearbook 1972-73