Earl Grey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Boks med Earl Grey-te

Earl Grey er ei teblanding som inneheld svart te med smak og aroma frå bergamotappelsinolje.[1] Teen er ein av dei mest kjende og populære tesortane. Det finst òg ulike variantar av Earl Grey-te, som Lady Grey og Earl Red.

Tradisjonelt har nemninga Earl Grey vore brukt om svart te produsert av Twinings, men i dag blir Earl Grey òg nytta om grøn og kvit te med smak av bergamott frå ei rekke ulike produsentar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Teen har fått sitt namn etter Charles Grey (1764-1845), den andre jarlen av Grey, som var statsminister i Storbritannia på 1830-talet. Ei anekdote fortel at den særskilde teen vart gitt som gåve av ein takknemleg kinesar. Sonen til denne kinesaren vart redda frå drukne av ein av Grey sine menn. Den første teen var ei blanding av fermentert indisk og ceylon-te. Ettersom helsebringande grøn te er langt meir utbreidd enn svart te i Kina, synest det lite truleg at ei takkegåve skulle vere basert på svart te. Dessuten var Charles Grey aldri i Kina. Ein annan versjon av anekdoten seier at teen kom som gåve frå ein indisk raja som vart redda frå ein tiger av ein av Greys tenarar.

Den spesielle teen vart likevel så populær blant statsministeren sine tegjester at han gav ei prøve til sin tehandlar, Twinings, og bad om at dei laga ei tilsvarande blanding. Etter kvart vart teen med den nye smaken òg gjort tilgjengeleg for andre kundar. Twinings Earl Grey er ei blanding av kinesisk te, indisk darjeeling, ceylon-te med noko Lapsang souchong, ein sterk, røykprega svart te.

Eit anna tehus, Jacksons, gjer krav på å ha blanda den første Earl Grey-teen etter at Lord Grey gav oppskrifta til Robert Jacksons partnar, George Charlton i 1830. Deira te har vore i kontinuerleg produksjon sidan og dei har framleis oppskrifta. Jacksons te er basert på kinesisk te. Usemja mellom dei to verksemdene pågår stadig, sjølv om dei i dag har same eigarselskap.

I dag blir det tilbydd ulike variantar av Earl Grey-te, som Lady Grey og Earl Red. Medlem av Greyfamilane har gjennom åra valt å samarbeide med andre tehus, og det finst òg ein Earl Grey-variant frå Lipton.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]