Eddystone Rocks
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eddystone eller Eddystone Rocks er ei gruppe skjer om lag 14 km sørvest for Rame Head i Cornwall i England. Skjera var tidlegare ein fare for skipsfarten ved innløpet til Den engelske kanalen og hamnebyen Plymouth og fleire fyr har derfor stått her.[1][2]
Sjølv om skjera ligg nærare fastlandet i Cornwall, høyrer skjera til Plymouth og såleis grevskapet Devon.[1]
Det har stått fire fyr på Eddystone Rocks. Den tradisjonelle sjantien «The Eddystone Light» omhandlar eit fiktiv møte mellom fyrvaktaren og ei havfrue og har vorte spelt inn av The Seekers, the Weavers og Peter Paul and Mary
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Eddystone Rocks» frå Wikipedia på engelsk, den 23. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Get A Map». Ordnance Survey. http://getamap.ordnancesurvey.co.uk/getamap/frames.htm?mapAction=gaz&gazName=g&gazString=SX3830333632. Henta 23. januar 2010.
- ↑ «Eddystone Lighthouse». Trinity House. http://www.trinityhouse.co.uk/interactive/gallery/eddystone.html. Henta 23. januar 2010.