Edith Ronne Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edith Ronne Land
Land  Antarktis
Kart
Edith Ronne Land
78°30′S 61°00′W / 78.5°S 61°W / -78.5; -61

Edith Ronne Land er ein sektor av Antarktis som ligg mellom 36 °V og 80 °V sør for Filchner-Ronne isbrem. Han grensar til Palmer Land og Ellsworth Land i vest, Queen Elizabeth Land i sør og Coats Land i aust. Her finst i tillegg til isbremmen Berkner Island, den nest største øya i Antarktis, og fleire andre øyar som stig opp av isbremmen.

I motsetnad til andre sektorar i Antarktis, som normalt ligg mellom to lengdegradslinjer og strekkjer seg heilt til 60 °S, omfattar Edith Ronne Land ikkje Den antarktiske halvøya og dei kringliggande øyane.

Edith Ronne Land vart namngjeve av Chile etter Edith Ronne, kona til Finn Rønne som leia Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) i 1947-48.[1] Opphavleg var det venta at dette landområdet skulle bli like omfattande som dei andre sektorane i Antarktis, men seinare utforsking synte at Filchner-Ronne isbrem strekte seg lenger sør enn ein hadde trudd, noko som tydde at landområdet av Edith Ronne Land er relativt lite.

Tidlegare namnebruk[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg vart namnet gjeve i 1947 av Finn Rønne om landområdet som ligg sør for den store isbremmen han oppdaga inst i Weddellhavet. Dette samsvarar i hovudsak med det ein i dag kallar Queen Elizabeth Land. I 1957-1957 fann ein ut at isbremmen var større enn tidlegare kartlagd, og strekte seg lenger sørover, slik at det ikkje vart mykje att av Edith Ronne Land, og US Advisory Committee on Antarctic Names godkjende i 1968 offisielt namnet Ronne Ice Shelf for den store isbremmen (og tok ikkje med Filchner isbrem som ligg mellom Berkner Island og Coats Land).[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]