Queen Elizabeth Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 84°S 49°W
Queen Elizabeth Land
region
none  Queen Elizabeth Land i Antarktis
Queen Elizabeth Land i Antarktis
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
koordinatar 84°S 49°W
Areal 437 000 km²
Administrert under Antarktistraktaten

Queen Elizabeth Land er den delen av Antarktis som ligg sør for Weddellhavet mellom 20 °V og 80 °V, og strekkjer seg frå Filchner-Ronne isbrem til Sørpolen.[1] Dette området hadde ikkje offisielt namn før 2012, men det meste av området vart uoffisielt kalla Edith Ronne Land i 1947–68.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Isbreen strøymer frå Pensacolafjella og ut i Filchner-Ronne isbrem.

I høve eit besøk av dronning til Det britiske utanriksdepartementet i London den 18. desember 2012, vart det annonsert at det var eit 437 000 km² stort område i Britisk Antarktis som hadde fått namnet Queen Elizabeth Land etter dronninga.[3]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Queen Elizabeth Land er nesten dobbelt så stort som Storbritannia[3] og i røynda ein sektor av Antarktika, med spissen av sektoren ved Sørpolen. Sektoren grensar i nord til Filchner-Ronne isbrem, i nordaust til Coats Land, i aust til Dronning Maud Land og strekkjer seg vestover til ei linje mellom Sørpolen og Rutfordstraumen, aust for Constellationfjorden.[4][5][6] Pensacolafjella, som vart oppdaga i januar 1956, strekkjer seg 450 km frå nordaust til sørvest, sentralt i området.[7]

Reaksjon[endre | endre wikiteksten]

Argentina, som med Argentinsk Antarktis har kravområde som overlappar Britisk Antarktisk, kritiserte namngjevinga og kalla det eit «systematisk åtak» og skildra det som ein «provokasjon» etter den nylege spaninga mellom dei to landa om Argentina sitt krav om Falklandsøyane, som tilhøyrer Storbritannia.[8] Ikkje dess mindre peikte The Guardian på at verken Storbritannia, Argentina eller Chile (som har overlappande kravområde med Chilensk Antarktisk) har klart å få global anerkjenning for territorialkrava sine i Antarktis[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Queen Elizabeth Land. SCAR Composite Antarctic Gazetteer.
  2. Ronne Ice Shelf. USGS Geographic Names Information System.
  3. 3,0 3,1 «UK to name part of Antarctica Queen Elizabeth Land». BBC News. BBC. 18 December 2012. http://www.bbc.co.uk/news/uk-politics-20757382. Henta 18 December 2012. 
  4. Queen Elizabeth Land, Foreign & Commonwealth Office. Henta 11. januar 2012
  5. Rayner, Gordon (18 December 2012), «Part of Antarctica named 'Queen Elizabeth Land' as gift for Diamond Jubilee», The Telegraph, http://www.telegraph.co.uk/news/uknews/queen-elizabeth-II/9752856/Part-of-Antarctica-named-Queen-Elizabeth-Land-as-gift-for-Diamond-Jubilee.html, henta 11. januar 2012 
  6. Calder, Simon (18 December 2012), «So where exactly is Queen Elizabeth Land?», The Independent, http://www.independent.co.uk/news/uk/home-news/simon-calder-so-where-exactly-is-queen-elizabeth-land-8424497.html, henta 11. januar 2012 
  7. «Pensacola Mountains». Antarctica Detail. U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:3728285964684962::NO::P5_ANTAR_ID:11596. Henta 11. januar 2012. 
  8. Hannah Strange (20 December 2012). «Argentina fury as Britain names disputed Antarctic territory ‘Queen Elizabeth Land’». The Times. http://www.thetimes.co.uk/tto/news/uk/article3636121.ece. Henta 11. januar 2013. 
  9. «Antarctica: why has a bit of it been renamed Queen Elizabeth Land?». The Guardian. 19 December 2012. http://www.guardian.co.uk/uk/shortcuts/2012/dec/19/antarctica-renamed-queen-elizabeth-land?INTCMP=ILCNETTXT3487. Henta 11. januar 2013.