Eduardo da Silva
| Personleg informasjon | ||
|---|---|---|
| Namn | Eduardo Alves da Silva | |
| Fødselsdato | 25. februar 1983 | |
| Fødestad | Rio de Janeiro i Brasil | |
| Høgd | 178 cm | |
| Posisjon | Spiss | |
| Klubbinformasjon | ||
| Spelar for | Sjakhtar Donetsk | |
| Draktnummer | 11 | |
| Ungdomsklubb | ||
1999-2001 |
||
| Klubbar* | ||
| År | Klubb | Kampar (mål) |
| 2001-07 2002-03 2007-10 2010- |
120 (84) 15 (10) 41 (8) 6 (2) |
|
| Landslag** | ||
| 2004-05 2004- |
12 (14) 32 (18) |
|
|
* Klubbkampar og mål i nasjonal liga |
||
Eduardo Alves da Silva, ofte kjent berre som Eduardo (fødd 25. februar 1983 i Rio de Janeiro) er ein brasiliansk-kroatisk fotballspelar, som spelar for Sjakhtar Donetsk i den ukrainske fotballigaen og for det kroatiske fotballandslaget. Eduardo voks opp i Rio de Janeiro, der han vart oppdaga av speidarar frå Dinamo Zagreb i 1999, og fekk kontrakt med klubben. Han fekk kroatisk statsborgarskap i 2002.
Eduardo vart seriemeister i Kroatia med Dinamo Zagreb i 2006 og 2007. I 2004 og 2006 vart han kåra til årets kroatiske spelar og i 2007 vart han toppskårar i den kroatiske toppdivisjonen. Same året vart han kjøpt av Premier League-klubben Arsenal i England for om lag 7,5 millionar pund. Etter tre sesongar i Arsenal vart han i juli 2010 kjøpt av den ukrainske toppklubben Sjakhtar Donetsk for om lag 6 millionar pund.
Eduardo debuterte for Kroatia sitt A-landslag 16. november 2004 som innbytar i ein privatlandskamp mot Irland. Han skåra det første landslagsmålet sitt mot Hongkong 1. februar 2006. Han vart ikkje teken ut i Kroatia sin tropp til fotball-VM i 2006. Under fotball-EM i 2008 var han skada etter eit stygt beinbrot, og kunne difor ikkje vera med i Kroatia sin tropp.
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Pletikosa • 2 Strinić • 3 Šimunić • 4 Buljat • 5 Ćorluka • 6 Pranjić • 7 Rakitić • 8 Vukojević • 9 Jelavić • 10 Modrić • 11 Srna (kaptein) • 12 Kelava • 13 Schildenfeld • 14 Badelj • 15 Vrsaljko • 16 Dujmović • 17 Mandžukić • 18 Kalinić • 19 Kranjčar • 20 Perišić • 21 Vida • 22 Eduardo • 23 Subašić • Trenar: Bilić |
||