Edward Sapir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edward Sapir

Fødd26. januar 1884
Lębork
Død4. februar 1939
New Haven
NasjonalitetUSA
Områdespråkvitskap, etnologi, folkepsykologi
Yrkeantropolog, lingvist, språksosiolog, universitetslærar, etnolog, filosof
InstitusjonarYale University
University of Chicago
Alma materColumbia University
Stuyvesant High School
DeWitt Clinton High School
DoktorgradsrettleiarFranz Boas
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
National Academy of Sciences

Edward Sapir (/sʌˈpiɹ/), (26. januar 18844. februar 1939), var ein amerikansk antropolog og lingvist og ein frontfigur i den amerikanske strukturalistiske lingvistikken. Han er ein av opphavspersonane til det som no blir kalla Sapir–Whorf-hypotesen. Sapir er ein av dei som har hatt størst innverknad på moderne nordamerikansk lingvistikk.

Liv og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Sapir vart fødd i 1884 i dåverande Lauenburg i Tyskland, no Lębork i Polen. I 1904 tok han eksamen ved Columbia University i germanistikk. Men den lingvistiske interessa hans viste seg snart å vere brei. I dei neste to åra begynte han med feltstudiar av språka wishram og takelma. Medan han var ved Columbia møtte han mentoren sin, antropologen Franz Boas, som truleg var den som inspirerte Sapir til å studere dei amerikanske indianarspråka. Boas hjelpte Sapir å gjennomføre ein studie av det på den tida nærast utdøydde språket yana i nordre California 1907–1908. Sapir vende tilbake i 1911 for ein kort periode å arbeide med Ishi, den siste overlevande einspråklege som snakka yahi (sørleg yana).

I åra 1910 til 1925 bygde han opp og leidde den antropologiske avdelinga av Geological Survey of Canada i Ottawa. I denne svært produktive perioden laga han mellom anna ein omfattande serie verk om nootka og andre språk. I denne perioden vart også hans mest innflytingsrike verk publisert, Language (1921), ei avhandling som framleis spelar ei stor rolle i lingvistikken. Noko av det siste han gjorde ved Geological Survey of Canada var å skape høve for Leonard Bloomfield til å gjere feltstudiar av cree, noko som var avgjerande for Bloomberg sitt arbeid med den historiske rekonstruksjonen av algonkinspråka. Sapir underviste frå 1927 i germanistikk ved University of Chicago, eit av dei få forskingsuniversiteta i USA. Frå 1931 til han døydde var Sapir knytt til Yale University, der han leia den antropologiske avdelinga.

Sapir var ein av dei første til å forske på forholdet mellom språkstudiar og antropologi. Mellom studentane hans finn ein Fang-kuei Li, Benjamin Whorf, Mary Haas og Harry Hoijer, men den som gjerne blir sett på som hans intellektuelle arving var ein ung semittisist som formelt ikkje ein gong var ein av studentane hans, Zellig Harris.

Nokre forslag frå Sapir om korleis språket verkar inn på korleis menneska tenkjer vart plukka opp og vidareutvikla av Whorf då Whorf var vikar medan Sapir var sjuk. Frå 1940-talet vart dette kjent som Sapir–Whorf-hypotesen.

Sapir døydde av hjarteproblem 55 år gamal i 1939.

Sapir sitt hovudområde blant dei amerikanske språka var dei athabaskiske språka. Blant dei mange språka og kulturane som han studerte var wishram, navajo, nootka, paiute, takelma og yana (særleg den sørlege varianten yahi). Sjølv om han er mest kjend for arbeidet sitt innan amerikansk lingvistikk, så arbeidde han også mykje med allmenn lingvistikk, til dømes i boka Language. I detta verket tar han for seg alt mogleg frå typologiske inndelingar av språk (med eksempel frå kinesisk til nootka) til hypotesar om language drift og høvet mellom språk, rase og kultur.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Engelskspråklege: