Eik-Tønsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eik Idrettsforening Tønsberg, betre kjend som Eik-Tønsberg, (stifta 14. mars 1928 som Eik Idrettsforening) er ei tradisjonsrik idrettsforeining med opphav i tettstaden Eik rett nord for Tønsberg by i Vestfold. Foreininga har særleg drive med fotball. A-laget til klubben speler heimekampane sine på Eikbanen og laget speler no i 3. divisjon. Spelarane har kvite overdelar og svarte bukser.

Historikk og anna[endre | endre wikiteksten]

Fotballgruppa skifta namn til Eik-Tønsberg i 1989 for å gjera det lettare å marknadsføre seg nasjonalt.

Eikbanen blei bygd tidleg på 1930-talet og er seinare utbygd med eige idrettshus, fleire treningsbaner og omsider Eikhallen (Eik Idrett og Samfunnshus). Eik var Sem kommune si største idrettsforeining med rundt 500 medlemmer tidleg på 1960-talet. Ved sidan av fotball dreiv foreininga då turn og gymnastikk for yngre og eldre, og ski når forholda gjorde det mogleg.

I 1957 spelte Eik Idrettsforening seg opp i den norske hovedserien i fotball. I 1960 spelte A-laget bronsefinale og blei nummer tre av alle klubbar i landet. I seriesamanheng sette klubben krona på verket ved å spele seriefinale mot FredrikstadUllevaal. FFK vann med 2-0 og fekk seriegull, men Eik IF fekk sølvmedaljar. Klubben hadde òg eit godt lag på 1980-talet. I 1981 fekk han gode inntekter av ein treningskamp mot Manchester United og rykte opp til 1. divisjon året etter der han spelte på det høgaste nivået i landet inntil nedrykket i 1985. I cupsamanheng står semifinalen mot Molde i 1989 høgast, ein kamp Molde vann med 1-0. I ein kvartfinalekamp mellom Eik og Fredrikstad på Tønsberg Gressbane i 1958 var det over 15 000 tilskodarar, som er rekord for fotball i Tønsberg-distriktet. Kamputfallet blei 1-1 (e.e.o.), FFK vann omkampen i Fredrikstad. Fleire av spelarane spelte sidan på landslaget og kretslaget. Av trufaste Eik-spelarar kan nemnast Arne Natland, Tore Halvorsen, Arne Høivik, Dag Henriksen, Svein Gunnar Førsund, Geir Johansen og Kåre Bjørnsgård. Kjende spelarar som har vore i klubben i kortare tid er Erik Solér, Ronny Johnsen, Jan Frode Nornes, keeperen Erik Thorstvedt og trenaren Morten Sanne Melvold.

Eik-Tønsberg var det beste fotballaget i distriktet i mange år, men FK Tønsberg, som blei stifta som en lokal, samlande fotballklubb i 2001, tok over plassen til klubben i 2. divisjon frå sesongen 2002.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!