Molde Fotballklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Molde FK
Fullt namn Molde Fotballklubb
Kallenamn Blå-kvit
Kort namn MFK
Grunnlagd 19. juni 1911
Heimebane Aker Stadion
(kapasitet: 11 167)
Styreleiar Noreg Erik Berg
Sportsdirektør Noreg Øystein Neerland
Hovudtrenar Ole Gunnar Solskjær
Liga Tippeligaen
Tippeligaen 2012 1
Nettstad Heimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Molde Fotballklubb er ein norsk fotballklubb som for tida spelar i Tippeligaen. Noverande hovudtrenar er Ole Gunnar Solskjær. Laget har Aker stadion som heimebane.

Molde har to noregsmeisterskap (1994 og 2005) og to seriemeisterskap (2011 og 2012).

Noverande tropp[endre | endre wikiteksten]

Oppdatert 30. mars 2013[1]

Merknad: Flagg indikerer landslaget spelaren kan spele for. Spelaren kan ha fleire nasjonalitetar.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Noreg MV Espen Bugge Pettersen
2 Flagget til Noreg FS Kristoffer Paulsen Vatshaug
3 Flagget til Noreg FS Børre Steenslid
4 Flagget til Noreg FS Even Hovland
5 Flagget til Finland FS Joona Toivio
6 Flagget til Noreg MS Daniel Berg Hestad (kaptein)
7 Flagget til Noreg MS Magnus Wolff Eikrem
9 Flagget til Sverige MS Mattias Moström
10 Flagget til Noreg MS Magne Hoseth
11 Flagget til Noreg AS Jo Inge Berget
12 Flagget til Sverige MV Ole Söderberg
14 Flagget til Noreg FS Martin Linnes
16 Flagget til Noreg MS Etzaz Hussain
17 Flagget til Senegal AS Aliou Coly
Nr. Posisjon Spelar
18 Flagget til Noreg FS Magne Simonsen
19 Flagget til Noreg MS Eirik Hestad
20 Flagget til Finland AS Lauri Dalla Valle
21 Flagget til Brasil MS Agnaldo (på lån frå Desportivo Brasil)
22 Det amerikanske flagget MS Josh Gatt
23 Flagget til Noreg FS Knut Olav Rindarøy
24 Flagget til Noreg FS Magnar Ødegaard
25 Det amerikanske flagget FS Sean Cunningham
26 Flagget til Noreg MV Ørjan Nyland
27 Flagget til Nigeria AS Daniel Chima Chukwu
29 Flagget til Nigeria MS Emmanuel Ekpo
30 Flagget til Noreg MS Zlatko Tripic
31 Det amerikanske flagget AS Ben Fritz Spencer jr.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Molde Fotballklubb vart stifta den 19. juni 1911 under namnet «International». Grunnen til namnevalet var at motstandarane deira som regel kom frå turistskip eller handelsbåtar. Etter kvart som fotballaktiviteten steig i dei næraste byane, vart namnet endra til Molde Fotballklubb.

Heilt fram til byrjinga av 1970-åra spela klubben i lokale seriar, med unntak av ei kort tid i øvste divisjon i 1957–58. I 1974 var Molde attende i toppdivisjonen etter at ei rad unge gode spelarar tok steget opp til A-laget, samstundes som gamle spelarar kom heim og tilførde laget røynsle. Mellom anna Jan Fuglset, Åge Hareide og Harry Hestad spela i Molde på denne tida.

Molde FK har frå denne tida stort sett halde seg i øvste divisjon og er vorten ein av dei leiande klubbane i landet. Laget har hatt ein jamn straum av landslagsspelarar.

Nærast seriemeisterskap kom Molde i 1987, då dei trengde berre uavgjort heime mot Moss Fotballklubb for å vinna serien. Oppgjeret enda med at Moss vann 2–0 framfor 14 793 tilskodarar på gamle Molde Stadion (i dag kalla Molde Idrettspark) og vart seriemeister.

I 1994 vann Molde på tredje forsøk eit NM med siger 3 - 2 over Lyn i finalen på Ullevål Stadion. I 2005 vann Molde NM igjen, denne gongen mot Lillestrøm. I 2009 var Molde nok ein gong i Cupfinalen, denne gongen mot naboklubben Aalesunds fotballklubb (AaFK). Molde tapte denne kampen etter 2-2 etter ekstraomgangar og ein straffekonkurranse som enda 4-5. Utanom dette gjorde Molde ein god sesong, med andreplass i Tippeligaen og NM-sølv. Eit høgdepunkt er deltakinga i Champions League i 1999 der storlaga Real Madrid, FC Porto og Olympiakos gjesta Molde.

I 1998 vart klubben sitt nye stadion teke i bruk. Det moderne anlegget i fjøra på Reknes kosta 212 millionar kroner, og vart reist takka vera investorane Kjell Inge Røkke og Bjørn Rune Gjelsten. Tilskodarrekorden er 13 308 og vart sett mot Rosenborg i 1998. No har stadion ein kapasitet på 11 167 tilskodarar.

Klubben har vore ein av dei leiande klubbane innan spelareksport, noko som har gjeve klubben store inntekter dei siste åra. Åge Hareide (Manchester City), Kjetil Rekdal (Borussia Mönchengladbach), Ole Gunnar Solskjær (Manchester United), Petter Rudi (Sheffield Wednesday), Trond Andersen og Andreas Lund (Wimbledon FC) og Jo Tessem (Southampton) er nokre av desse.

Klubben har i dag om lag 800 medlemer og kring 45 fotballag fordelt på tre avdelingar. 40 av laga er i aldersgruppene 6–18, to er damelag, eitt er eit amatørlag for menn og to er profesjonelle herrelag.

Titlar og fakta[endre | endre wikiteksten]

Meisterskap og andre prestasjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjende spelarar[endre | endre wikiteksten]

   

Cupmeistrar for Molde 1994[endre | endre wikiteksten]

Morten Bakke, Trond Strande, Sindre Rekdal, Jose Maria Glaria Avizanda («Flaco»), Knut Anders Fostervold, Ulrich Møller, Tarje Nordstrand Jacobsen, Andre Nevstad, Kjetil Rekdal, Daniel Berg Hestad, Tor Gunnar Johnsen, Ole Bjørn Sundgot, Arild Stavrum, Petter Rudi, Berdon Sønderland, Jan Berg.

Cupmeistrar for Molde 2005[endre | endre wikiteksten]

Marcus Andreasson, John Andreas Husøy, Matej Mavric, Rob Friend, Tommy Eide Møster, Toni Kallio, Knut Dørum Lillebakk, Stian Ohr, Magnus Kihlberg, Kai Røberg, Trond Strande, Mitja Brulc, Øyvind Gjerde, Daniel Berg Hestad, Thomas Mork, Petter Rudi, Dag Roar Ørsal, Øyvind Gram, Torgeir Hoås, Martin Høyem, Lars Ivar Moldskred, Erlend Ormbostad, Madiou Konate, Johan Nås, Torgeir Ruud Ramsli, Petter Christian Singsaas.

Spelarar som har representert Molde i A-landskampar for Noreg[endre | endre wikiteksten]

Trond Andersen, Morten Bakke, Jan Berg, Torkild Brakstad, Jostein Flo, Jan Fuglset, Hugo Hansen, Åge Hareide, Daniel Berg Hestad, Harry Hestad, Magne Hoseth, Arne Legernes, Øyvind Leonhardsen, Andreas Lund, Ulrich Møller, Roger Nilsen, Odd Inge Olsen, Kjetil Rekdal, Petter Rudi, Ole Gunnar Solskjær, Arild Stavrum, Ole Bjørn Sundgot.

Deltaking i europacupane[endre | endre wikiteksten]

Vandring i divisjonane sidan 1963[endre | endre wikiteksten]

  • Øvste nivå: 1974–78, 1980, 1982, 1984–93, 1995-2006, fra 2008 til i dag
  • Nest øvste nivå: 1971–73, 1979, 1981, 1983, 1994, 2007
  • Tredje øvste nivå: 1963–70

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Tippeligaen 2014