Mjøndalen Idrettsforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mjøndalen
Mjøndalen IF IMG 6944.jpg
Fullt namn Mjøndalen Idrettsforening
Kallenamn Bruntrøyene - 3050 - De Brune - Darn - Den Brune Armè
Grunnlagd 22. august 1910
Heimebane Mjøndalen Arena
(kapasitet: 2 600)
Hovudtrenar Vegard Hansen
Liga Adeccoligaen
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Mjøndalen Idrettsforening (MIF) er eit norsk idrettslag. Det vart grunnlagd i 1910. Klubben går under kallenamnet «bruntrøyene» på grunn av draktene til laget. Mjøndalen vart cupmeister i fotball i 1933, 1934 og 1937 og er noregsmeister i bandy 14 gonger. Fotballaget spelar heimekampane sine på Mjøndalen stadion og var i øvste divisjon førre gang i 1992. Frå 1999 var klubben i 3. divisjon, men har opplevd ny framgang dei siste åra. Sidan 2009 har klubben vore på nest øvste nivå.

Klubben spelar denne sesongen i Adeccoligaen. Noverande hovudtrenar er Vegard Hansen.

Stiftinga[endre | endre wikiteksten]

Sport i Mjøndalen vart før hundreårsskiftet drive i «Skiløberforeningen», som bytta namn til «Mjøndalen Skiklub». Stiftinga av Mjøndalen Idrettsforening i 1906 er ikkje godkjend som «gyldig», sidan klubben vart nedlagt på grunn av ei gjeld på 98,50 kroner.[1] Dette tilsvarer 5 774 i dagens kroneverdi.[2] «Nye» Mjøndalen Idrettsforening vart grunnlagd 22. august 1910 og dette reknast derfor som datoen klubben vart stifta.

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Mjøndalen-spelarar i brune og kvite drakter, mai 2012.

Mjøndalen IF er ein fleiridrettsklubb, men det er fotballen som har gjort klubben kjent.[1] Det kjem av at klubben i fleire omgangar sidan 1920-åra har hevda seg nær toppen av norsk fotball.

Mjøndalen IF var den første klubben utanom byane som vart noregsmeister med cuptriumfen sin i 1933. Det same gjeld for norsk deltaking i europacup. Den første europacupkampen på ein norsk «bygdearena» var MIFs møte med Cardiff, med John Toshack og Terry Cooper i spissen, i 1969. Seinare har MIF møtt både Bayern München og Werder Bremen.[3] MIF slo overraskende Werder Bremen 1-0 på Weserstadion i ein europacupkamp i 1987, etter scoring av Per Terje «Makker'n» Markussen. Med til historia høyrer det at i den første kampen i Mjøndalen hadde Werder Bremen vunne 5-0.

Etter fleire år i 3. divisjon rykte Mjøndalen opp til 2. divisjon før sesongen 2007. Etter ein god haustsesong enda Mjøndalen på andreplass i 2. divisjon avd. 4. Sesongen 2008 rykte dei opp til 1. divisjon. I 1. divisjon 2009 enda MIF på 11. plass, i 2010 og i 2011 på 10. plass. I 2012 var Mjøndalen for alvor med i kampen om opprykk til Eliteserien, men enda på fjerdeplass og kvalifisering til eliteserien. Klubben tapte mot Bodø/Glimt i første runde, og spelar dermed i 1. divisjon i 2013.

Trener for Mjøndalen er den tidlegare Strømsgodset- og Bristol City-spelaren Vegard Hansen.

Mjøndalen i europacup[endre | endre wikiteksten]

Sesong Turnering Runde Motstandar Heime Borte Samanlagt
1969/70 Cupvinnarcupen 1. runde Flagget til Wales Cardiff City 1-7 1-5 2-12
1977/78 UEFA-cupen 1. runde Flagget til Tyskland Bayern München 0-8 0-4 0-12
1987/88 UEFA-cupen 1. runde Flagget til Tyskland Werder Bremen 0-5 1-0 1-5

Bandy[endre | endre wikiteksten]

Oppstart av bandy i Mjøndalen skjedde hausten 1924. I byrjinga vart det spelt med sju spelarar på kvart lag, men frå 1929 vart bandy i Noreg utvida til 11-mannsspel.

MIF fekk ikkje helt dreisen på 7-mannsspelet og levde i skuggen av Drafn. Då 11-mannsbandyen vart introdusert, fekk MIF meir sving på sakene.[4] I 1930 vann Mjøndalen sin første kongepokal ved å slå Trygg med 2-0 i finalen. Same år fekk MIF sin første landslagsspelar i Erling Andersen. Klubben vann ytterlegare to norgesmeisterskap før krigen, i 1937 og 1940, samt eitt i 1947.

I perioden 1955 til 65 utvikla bandyen seg raskt. Det vart nye køller, nye ballar, eit internasjonalt forbund (IBF), samt flaumlyskampar. Godt arbeid i junioravdelinga skapte mange spelarar av landslagsformat i perioden 1969-85.[4] I 1969 spelte MIF seg gjennom serien utan tap, og erobra sin femte kongepokal ved å slå Drafn 2-1 i finalekampen. I 1975 tok MIF sitt neste meisterskap og starta med dette ein gullalder som varte i 10 år. I denne perioden var Mjøndalen landets absolutt beste klubb. Det vart sju seriemeisterskap av ni mogelege, samt fem NM. Den siste tittelen i denne perioden kom i 1984, etter finalesiger 9-5 over Stabæk. Ein ny gullalder frå 2001 resulterte i sju NM-finalar på rad og fire NM-titlar, det siste i 2005 etter siger over Stabæk i finalen.

Mjøndalen har erobra til saman 14 noregsmeisterskap. Som einaste klubb, har Mjøndalen spelt uavbrote i toppserien sidan nasjonalt seriespel vart innført i 1932. 44 spelarar har representert Mjøndalen på det norske landslaget.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Arve S. Karlsen. MIFs historie fram til 1985. Mjøndalen Idrettsforening. Vitja 28. april 2013.
  2. Kroneverdien i 2008.
  3. Mjøndalen IF. uefa.com. Vitja 28. april 2013.
  4. 4,0 4,1 4,2 MIF Bandy Historikk. Mjøndalen Idrettsforening. Vitja 28. april 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Adeccoligaen 2014