Erik Thorstvedt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erik Thorstvedt

Erik Thorstvedt (fødd 28. oktober 1962) i Stavanger) er ein tidlegare norsk fotballspelar. Han var målvakt og aktiv på nasjonalt og internasjonalt nivå frå 1981 til 1996. Thorstvedt debuterte i på det norske fotballandslaget i ein kamp mot Kuwait (Resultat: 0–1) 13. november 1982. Han var førsteval mellom målstengene på landslaget i 13-14 år, og spela 97 A-landskampar, den siste i 1996.

Thorstvedt spela for klubbane Madla, Eik, Viking, Borussia Mönchengladbach, IFK Göteborg og Tottenham. Han var tapande cupfinalist med Viking i 1984 – ein kamp som vert særleg hugsa grunna eit frisparkmål av Per Egil Ahlsen. Sidan var han med å vinne to svenske seriemesterskap for IFK Göteborg, og vart i 1991 den første nordmann som vart cupmeister i England med Tottenham. Thorstvedts keeperdrakt og FA-cupmedalje er i dag utstilt på FotballmuseetUllevaal stadion.

Etter han slutta som spelar var Thorstvedt keepertrenar på det norske landslaget og sportsdirektør i Viking. I dag er han programleiar i sportsavdelinga i fjernsynsselskapet TV2.