Protistar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Protistar


Diatomèar
Elektronmikroskoperte diatomèar

Systematikk
Domene: Eukarya
Rike: Protista
Vitskapleg namn
Protista

Protistar er ei tradisjonell samkjenning for eukaryotar som ikkje kan klassifiserast innanfor rika plantar, dyr eller sopp. Som regel meiner ein mikroskopiske, eincella organismar når ein nyttar omgrepet, men mange klassifiserar òg makroalger som tang og tare innanfor gruppa.

Ordet «protist» vart først brukt av Ernst Haeckel i 1866. I dag reknar me omgrepet som parafyletisk, sidan dei ulike organismane me brukar det om ikkje har noko særleg med likskapar utover ei relativt enkel celleorganisering. Dei fleste protistar er anten eincella eller koloniale; som regel alltid utan nokon form for skilnad på cellene innanfor einskildartane.

Tradisjonelt delar ein protistar inn i tre grupper: protozoer (dyreliknande protistar), alger og slimsopp, ut frå kva slags organismar dei liknar mest på. Dette har ikkje noko fylogenetisk grunnlag; «algar» vert til dømes brukt om alle fotosyntetiserande mikroorganismar uavhengig av evolusjonære slektskap.