Einhyrning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jomfru og einhyrning på veggmåleri frå 1605 i Palazzo Farnese i Roma.
Einhyrning som det sentrale motivet på eit mille-fleurs-veggteppe frå 1500-talet.
Jakta på einhyrningen. Illustrasjon i ei nederlandsk tidebok frå om lag 1500.
Denne artikkelen handlar om fabeldyret. For stjernebiletet, sjå einhyrningen.

Einhyrningen er eit fabeldyr med særs gamalt opphav, kjent frå biletkunst, legender og «naturskildringar» av ymse slag i fleire område i Det fjerne Austen, Mellom-Austen og i Europa frå antikken og mellomalderen. Dette oppkonstruerte dyret vart i si tid rekna for å finnast i røynda i ei eller anna form som vilt dyr i skogane, og var elles tillagt visse kvalitetar av symbolsk art.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Einhyrningen er kjenneteikna av eit langt horn, som kan sjå ut som ei lanse, som stikk beint ut frå panna på dyret. Nemninga einhyrning, og tilsvarande namn på andre språk, syner til dette karakteristiske hornet, som ikkje har sin like på kjende landdyr, men kan samanliknast med den to til tre meter lange, spiralsnodde og framoverretta tanna som hannen av sjødyret narkval er utstyrt med.

I biletkunsten er einhyrningen vanlegvis framstilt med ein hesteliknande kropp, ofte med løvehale, og til tider med ein slags manke ikring halsen som gav assosiasjonar til hannløva. Men kroppen kunne òg vere samansett av element frå fleire dyr, hornet kunne vere forma som ei takkete framoverretta grein av eit hjortegevir, og i somme høve kunne dyrekroppen likne meir på ein geitebukk enn ein hest. Ein må rekne med at utforminga av kroppen hadde sitt å seie om dei eigenskapane og kvalitetane dyret vart tillagt i dei einskilde samanhangane. Utan omsyn til korleis kroppen var utforma, kunne dyret likevel lett kjennast att som ein einhyrning på det lange, beine hornet i panna.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Det lanseforma hornet som peikar på skrå opp frå panna, og dei andre karakteristika ved einhyrningen, ikkje minst den hesteliknande utsjånaden som han vanlegvis har, gjer det klårt at dyret symboliserer slik makt som hankjønnet står for, inklusive dei fruktbare kraftene som hankjønnet representerer i maktutøvinga si. Einhyrningen ser ut til å ha vore eit symbol for mellom anna guddommeleg kraft og evne til å gjere verda fruktbar, og til dømes i det gamle Kina var einhyrningen eit merke og symbol for kongeleg makt og kongelege dygder.

I Europa i mellomalderen vart einhyrningen til eit kristent ladd symbol som framfor alt stod for reinleik, ikkje minst den seksuelle reinleiken som kyrkja definerte på bakgrunn av læra om at den arvesynda som kom inn i menneskeverda ved syndefallet i Guds hage i Eden, og som smitta frå generasjon til generasjon gjennom samleiet. Soleis vart einhyrningen òg eit symbol på inkarnasjonen av Guds ord, Den heilage Anden, i jomfru Maria ved ho vart fruktbar og sette Jesusbarnet til verda. Einhyrningen i lag med jomfru Maria er eit ynda motiv i kristen biletkunst.

Mange legender finst om einhyrningen. Ifylgje somme av dei kunne einhyrningen lettast fangast ved at ein slipp ei løve laus framfor det, ettersom einhyrningen då alltid vil fare etter løva i blindt raseri og køyre hornet fast i ei trestamme når løva smatt attom for å gøyme seg, og soleis verte eit lett bytte for jegeren. Andre legender, som til dømes dei skriftene som går under nemninga Physiologus, slo fast at einhyrningen berre kunne fangast av ein jeger dersom dyret ligg med hovudet i fanget på ein rein jomfru, og dette vart tolka slik at einhyrningen var eit av fleire Kristussymbol. Difor kunne denne typen jakt på einhyrningen framstillast i biletkunsten i mellomalderen som ein kommentar til Bibelen på den måten at jegeren, i skapnad av erkeengelen Gabriel (som varsla Maria om at ho skulle verte mor til Jesus) og ein eller fleire av hundane hans (med referanse til kristne dygder), jaga einhyrningen (som skal tolkast som Jesus) inn i fanget på jomfru Maria. Men denne måten å framstille soga på, vart forboden under konsilet (kyrkjemøtet) i Trient 1545/1563.

Det erotiske elementet i temaet om einhyrningen og jomfrua gav seg utslag i den profane biletkunsten i hoffmiljøa i den franske seinmellomalderen og i gotikken i form av eit særs populært motiv for biletteppe: Kvinna med einhyrningen. Dette motivet kunne etter omstenda stå for både tru kjærleik og for kvinneleg makt og list.

Hornet frå einhyrningar, som det tydelegvis var mogleg å få tak i på ein eller anna måte, vart rekna som eit lækjande middel i si tid, og dette har gjeve seg utslag i at einhyrningen framleis vert nytta her og der som merke og symbol for apotek.

Stjernebiletet Einhyrningen[endre | endre wikiteksten]

Einhyrningen har òg gjeve namn til eit stjernebilete: Einhyrningen (latinsk: Monoceros). Denne namngjevinga skal visstnok ha skjedd i 1690, med Johannes Hevelius som opphavsmann. Dette stjernebiletet høyrer soleis ikkje til den krinsen av stjernebilete som fekk namn i antikken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Dahlby, Frithiof. 1985. Symboler i kirkens billedsprog, (omsett av Marie Hvidt). København: G.E.C. Gads Forlag. ISBN 87-12-16070-9
  • Chevalier, Jean; Gheerbrant, Alain. 1982. Dictionnaire des symboles : mythes, rêves, coutomes, gestes, formes, figures, couleurs, nombres. Paris: Robert Laffont/Jupiter. ISBN 2-221-50319-8
  • Klepešta, Josef. 1978. Stjerneatlas. Oslo: Chr. Schibsteds Forlag . ISBN 82-516-0661-6
  • Sachs, Hannelore; Badstübner, Ernst; Neumann, Helga. 1994. Christliche Ikonographie in Stichworten. München/Berlin: Koehler & Amelang. ISBN 3-7338-0095-8


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Einhyrning