Narkval
| Narkval | ||
|
Status i verda: Narkval Foto: Glenn Williams |
||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Dyr | |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr | |
| Underrekkje: | Virveldyr | |
| Klasse: | Pattedyr | |
| Orden: | Kvalar | |
| Underorden: | Tannkvalar | |
| Familie: | Narkvalfamilien | |
| Slekt: | Monodon | |
| Art: | M. monoceros | |
| Vitskapleg namn | ||
| Monodon monoceros | ||
Narkval, Monodon monoceros, er ein tannkval i narkvalfamilien. Narkvalen er kjend for den lange og spydliknande spiralsnodde, framoverretta støyttanna (eigenleg den eine hjørnetanna) som hanndyra har.
Narkvalen lever i arktiske farvatn, hovudsakleg frå Canada austover til austlege delar av Sibir, og vert jamleg observert i nordaustlege Svalbard.[1] Den totale bestanden er truleg over 80 000 dyr. Det vert driven fangst på narkval av inuittar i Canada og på Grønland.[2]
Namnet "narkval" kjem frå norrønt náhvalr, som tyder "likkval".[3] Den lange, spiralsnodde støyttanna vart i mellomalderen likna med hornet i panna på det fabeldyret som vart kalla einhyrning, og ofte selt til uvitande som einhyrningshorn.