Eit juleeventyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tittelsida til førsteutgåva av A Christmas Carol frå 1843.

Eit juleeventyr (engelsk originaltittel A Christmas Carol. In Prose. Being a Ghost Story of Christmas.) er ei juleforteljing av Charles Dickens frå 1843.[1] Ho skildrar omvendinga til den gamle gniaren Ebenezer Scrooge, som i løpet av ei jul der han møter fleire ander går frå å vera ein bitter, sjølvisk julehatar til å bli gåvmild og gleda seg over høgtida. Eit juleeventyr blei raskt særs populært i den samtidige viktoriatida, med si store interesse for moralske fablar og gamle og nye juleskikkar. Ho har vore kontinuerleg i trykk sidan ho blei gjeven ut, er omsett til ei rekkje språk, og er blitt dramatisert og filmatisert ei rekkje gonger.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Den svinnande anden av jula no og dei moglege borna hans, Naud og Vankunne.

Eit juleeventyr handlar om den kalde og sjølvopptekne forretningsmannen Ebenezer Scrooge, som berre tenkjer på å tena pengar og misliker julefeiringa fordi ho forstyrrer arbeidet hans. Han avviser nevøen sine juleønskingar med eit «bah, humbug», nekter å gje pengar til eit godt føremål så lenge det finst fengsel og arbeidshus, og gjev svært uvillig den hardt pressa skrivaren sin fri på juledagen.

julekvelden blir han vitja av til skrømtet til den avdøde kompanjongen sin, Marley, som åtvarer han om at dei materielle godene han tek til seg i dette livet blir til lenkjer etter dauden. Marley fortel Scrooge at han vil bli vitja av tre ander, og ber han lytta til dei for si eiga skuld.

Om natta blir Scrooge vitja av anden til juler som har vore, som viser han juleopplevingane hans som barn og ungdom; anden av jula no, som viser han julefeiringa til folk han kjenner, og anden av juler som skal koma, som viser han korleis han kjem til å døy, einsam og usakna, dersom han held fram med det gjerrige leveviset sitt.

He had no further intercourse with Spirits, but lived upon the Total Abstinence Principle, ever afterwards; and it was always said of him, that he knew how to keep Christmas well, if any man alive possessed the knowledge. May that be truly said of us, and all of us! And so, as Tiny Tim observed, God bless us, everyone!

«A Christmas Carol»
Sluttorda

Scrooge vakner som ein omvend mann. Han sender ein stor kalkun til den fattige skrivaren sin, Bob Cratchit, for å hjelpa familien og redda den vesle, sjukelege sonen deira, «Tiny Tim». Han gjev ein stor sum til innsamlaren han hadde avvist dagen før. Til slutt vitjer Scrooge nevøen sin som hadde invitert han til julefest, og blir etter dette ein gavmild mann som feirer jul kvart år.

Forfatting og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Nokre av Dickens sine manuskriptsider i Gregg-stenografi.

A Christmas Carol er ein kortroman som kom ut i bokform den 19. desember 1843 på Chapman & Hall forlag. Dickens byrja skriva forteljinga i september same året, og fullførte henne i løpet av seks veker, med dei siste sidene skrivne først i desember. Han var sjølv sterkt involvert i utforminga av boka, som kom ut i 6000 eksemplar i første opplag. Bøkene kosta 5 shilling, og blei raskt selde ut. Dickens tente likevel ikkje så mykje han hadde ønska på salet, på grunn av høge produksjonskostnader. Dickens hadde også problem med piratpublisering av boka.

Verket er blitt omsett til fleire språk, mellom anna dansk og norsk, som Et julekvad, En julesang i prosa og En julefortelling. Det er også sett opp som skodespel og filmar.

Dramatiseringar og inspirasjonar[endre | endre wikiteksten]

Skodespelaren Gerald Charles Dickens (tippoldesonen til Charles Dickens) som Scrooge i 2010.

Allereie i februar 1844 hadde ein sett opp juleforteljinga som teaterstykke fleire stader. Ei av dramatiseringane, av Edward Stirling, var godkjend av Dickens. Denne blei sett opp i London og New York. Den eldste kjende filmatiseringa er stumfilmen Scrooge; or Marley's Ghost frå 1901. Andre forfattarar skreiv svarforteljingar til Eit juleeventyr, som W.M. Swepstone med Christmas Shadows i 1850), Horatio Alger med Job Warner's Christmas i 1863 og Louisa May Alcott med A Christmas Dream, and How It Came True i 1882. Dickens sjølv skreiv mange fleire juleforteljingar over same lesten, som The Chimes, The Cricket on the Hearth, The Battle of Life og The Haunted Man and the Ghost's Bargain. Desse utgjevingane selde godt, men hadde liten kritisk suksess. Frå 1853 byrja Dickens i staden med offentleg høgtlesing av juleeventyret, som fortsette fram til 1870, året han døydde.

Ebenezer Scrooge har gjeve namn og fleire karaktertrekk til Scrooge McDuck, eller onkel Skrue, i Donald Duck-forteljingane frå Disney.

Omsetjingar og norske dramatiseringar[endre | endre wikiteksten]

  • Et Juleqvad i Prosa, eller en Spögelshistorie om Julen (1852), dansk omsetjing av L. Moltke
  • En julesang paa prosa (1887)
  • En julesang i prosa i Julesangen (1934), omsett av Henrik Rytter
  • Et juleæventyr (1917)
  • Et julekvad (1990), omsett av Torstein Bugge Høverstad[2]
  • En julefortelling: et musikkspill etter Charles Dickens fortelling (ca. 1990)
  • Eit juleeventyr (2000), Sogn og Fjordane teater[3]
  • En julefortelling (2001), omsett av Espen Hagerup[4]
  • Juleeventyret (2004), teaterstykke av Torgeir Leivdal ved Sogn og Fjordane teater
  • Et juleeventyr (2007), teaterstykke av I.B. Maločevskaja og Kjersti Haugen ved Trøndelag teater.[5]
  • Et juleeventyr (2010), teaterstykke regissert av Ivar Tindberg sett opp ved Hålogaland teater.[6]

Filmatiseringer[endre | endre wikiteksten]

(utval)

Scrooge frå 1935, regissert av Henry Edwards.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eit juleeventyr
Wikisource

Originaltekst av Eit juleeventyr ved Wikisource.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Dickens Project». University of California, Santa Cruz. http://dickens.ucsc.edu/resources/chronology.html. Henta 25 December 2013. ; Tomalin, Claire (2011). Charles Dickens: A Life. Viking Press. s. 149. ISBN 9780670917679.  Oppgjevne av Engelsk Wikipedia.
  2. «Et julekvad», bokkilden.no
  3. «Juleteater i Førde», Kulturnett Sogn og Fjordane (05.12.2000)
  4. «En julefortelling», bokelskere.no
  5. «Magisk og poetisk». Melding av Amund Grimstad i Klassekampen (23. november 2007)
  6. «En eventyrlig julesuksess». Melding av Marte Hotvedt i Nordlys (11.11.2010).
  • Denne artikkelen bygger på «A Christmas Carol» frå Wikipedia på engelsk, den 3. januar 2014.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Callow, Simon (2009). Dickens' Christmas: A Victorian Celebration. frances lincoln ltd. ISBN 978-0-7112-3031-6. 
      • Cochrane, Robertson (1996), Wordplay: origins, meanings, and usage of the English language, University of Toronto Press, s. 126, ISBN 0-8020-7752-8 
      • Dickens, Charles; Douglas-Fairhurst, Robert (ed.) (2006), A Christmas Carol and other Christmas Books, Oxford: Oxford University Press 
      • Dickens, Charles; Glancy, Ruth (1998) [1988], Christmas Books, Oxford World Classics, Oxford: Oxford University Press, ISBN 978-0-19-283435-5 
      • Dickens, Charles; Hearn, Michael Patrick (ed.) (2004), The Annotated Christmas Carol, W. W. Norton and Co., ISBN 0-393-05158-7 
      • Dickens, Charles; Kelly, Richard Michael (ed.) (2003), A Christmas Carol, Broadview Literary Texts, New York: Broadview Press 
      • Dickens, Charles; Slater, Michael (1971), The Christmas Books, New York: Penguin 
      • Glancy, Ruth F. (1985), Dickens' Christmas Books, Christmas Stories, and Other Short Fiction, Michigan: Garland, ISBN 0-8240-8988-X 
      • Hutton, Ronald (1996), Stations of the Sun: The Ritual Year in England, Oxford: Oxford University Press, ISBN 0-19-285448-8 
      • Kelly, Richard Michael, ed (2003). A Christmas Carol. Broadway Press. ISBN 978-1-55111-476-7. 
      • Ledger, Sally (2007), Dickens and the Popular Radical Imagination, Cambridge: Cambridge University Press, ISBN 978-0-521-84577-9 
      • Nissenbaum, Stephen (1996), The Battle for Christmas, New York: Vintage Books (Random House), ISBN 0-679-74038-4 
      • Rowell, Geoffrey (1993–12), Dickens and the Construction of Christmas, History Today, 43:12 
      • Restad, Penne L. (1995), Christmas in America: a History, Oxford: Oxford University Press, ISBN 0-19-510980-5 
      • Slater, Michael (2007), Charles Dickens, Oxford: Oxford University Press, ISBN 978-0-19-921352-8 
      • Standiford, Les (2008), The Man Who Invented Christmas: How Charles Dickens's A Christmas Carol Rescued His Career and Revived Our Holiday Spirits, New York: Crown, ISBN 978-0-307-40578-4