Julesongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Greske gutar framfører julesongar utanfor eit hus. Måleri av Nikiforos Lytras frå 1872.
«Silent night» (Glade jul) framført a cappella av United States Army Chorus.

Julesongar er songar av varierande innhald og form som har til felles at dei særleg blir framførte eller spela i tida rundt jul. Dei har ofte eit innhald som minner om jula, til dømes ved å visa til Jesusbarnet, juleevangeliet, julefeiring eller vinter, men kan også vera knytte til høgtida gjennom tradisjon, utan å ha noko eigentleg juleinnhald. Mange julesongar er gammalt folkeeige som er kjende og blir sungne av store delar av samfunnet. Dei kan dimed kallast både ekte og levande folkemusikk.

Gjennom historia har julesongar blitt sungne og utvikla både innan og utanfor den kristne kyrkja. Fleire julesongar har røter tilbake til mellomalderen, medan andre er blitt skrivne seinare. Ei særleg rik tid var 1800-talet, då mange av dei moderne juletradisjonane blei forma, og ei rekkje julesongar blei skrivne eller omsette frå andre språk.

På same måte som julemat og julepynt følgjer julesongar ulike tradisjonar innan ulike land og språksamfunn, men mange av dei er kjende i heile verda på mange ulike språk. Vanlege måtar å framføra julesongane på er i julespel og -opptog, ved gudstenester, konsertar og tilstellingar knytte til jul, og medan ein går rundt eit juletre.

«Noel nouveau, fort plaisant & recreatif» var ein julesong skriven på 1500-talet på folkespråket mellomfransk.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

På norsk omfattar omgrepet «julesong» både julesalmar, folkesongar og visse nyskrivne songar sungne til jul. Andre språk kan ha meir innvikla ord for julesong.

Engelsk carol, spansk villancico og portugisisk vilancete viser i dag helst til julesongar, men var opphavleg namnet på ein type folkesong som blei framført ved alle slags festdagar. Songen bygde på mellomaldersk dansemusikk, og bestod av ulike vers og eit refreng. Medan denne musikkforma etterkvart for det meste døydde ut, levde nemninga vidare i julesongane. Det engelske omgrepet «carol» kan i dag også avgrensast til å berre omfatta julesongar i tradisjonell stil.

På fransk blir chants de Noël , 'julesong' som regel forkorta til berre noël, 'jul'. Noel eller Nowell har også vore i bruk som namn på, og tekst i, julesongar på engelsk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mytologisk kan song knytast til den kristne jula gjennom songen som ifølgje juleevangeliet blei framført av englane i samband med fødselen til Jesusbarnet. Gloria, etter Lukas-evangeliet, vart teken inn i julemessa alt i oldkyrkja.

Mellomalderopphav[endre | endre wikiteksten]

«Gaudete» er ein latinsk julesong frå mellomalderen, skriven ned i Finland og prenta i Piæ Cantiones i 1582.
«Choir singing on Christmas Day» (1887) av markise Louisa Anne av Waterford.

Den kristne julesongtradisjonen går tilbake til kyrkjelege julespel og feiringar av juletida, som tok til i mellomalderen. Julesongane og -salmane feira den underbare fødselen av ein frelsar slik han blei skildra i juleevangeliet. Ein finn slike julesongar i både austleg og vestleg kyrkjetradisjon; nokre av dei har trekk av å vera utvikla frå tidlegare heidenske songar.[1]

Tidlege julesongar var truleg einstemmige, men dei tidlegaste nedskrivne songane har fleire stemmer og var truleg skrivne for kyrkjekor.[2] Songane frå mellomalderen kan ha tekst på latin, i nokre høve blanda med eit lokalt språk, før ein gradvis tok til å skriva på morsmålet. Dei tidlege julesongane følgjer mellomalderske skalaer, noko som gjev dei eit særeige preg.[3]

Blant dei eldste kjende julesongane er tyske «Gelobet seystu Jesu Christ» frå rundt 1380, som er blitt tolka av Luther og Bach. Norske julesongar som stammar frå 1300-talet og framleis blir sungne er mellom anna «Eit barn er født i Betlehem» og «Eg synger julekvad».

Framføring av songar og skålar ein julaftan i den amerikanske marinen, etter ei skisse av T. Dart Walker (1908).

I lag med den kristne songtradisjonen har ein også framført muntre songar utan kristeleg innhald, som songleikar, til dømes «Reven rasker over isen» og «Så går vi rundt om en enebærbusk», eller vitjesongar, som «Here we come awassailing» og «We wish you a Merry Christmas». Fleire av desse songane er kjende frå mellomalderen. «Boar's Head Carol», som blei gjeven ut i eit verk frå 1521 og dermed er ein av dei eldste nedskrivne engelske julesongane, skildrar serveringa av eit villsvinhovud.

Ulike land utvikla sine julesongtradisjonar. I Frankrike tilpassa ein liturgisk messing, sekulære songar eller dansemelodiar til folkelege julesongar, som «Entre le bœuf et l'âne gris» og «Noël nouvelet». Slike songar kunne så takast inn att i kyrkjegudstenester.[4] I England blei julesongar forfina til framføring i adelege sirklar, ved hoffet og til trena kyrkjekor, som «This day Christ was born» av William Byrd eller «Alleluia, I heard a voice» av Thomas Weelkes.[5]

Avskaffing[endre | endre wikiteksten]

Reformasjonen førte med seg mange nye julesongar i tråd med ny protestantisk teologi, til dømes av Martin Luther. Seinare blei likevel feiring av jul med song og dans, drikking og umoral uglesett av puritanske retningar. «Bort, Verdens Jule-Glæde» byrjar ein av julesalmane til H.A. Brorson. Som ein av dei store diktarane i pietismen kom han til å stå for ei fornying av julesongane, med meir inderlege tekstar, som «Mitt hjerte alltid vanker» og «Her kjem me, dine arme små».

Etter at puritanarar for ei tid fekk makta i England, forsvann julesongar frå dei høgare laga der. Seinare medførte også den franske revolusjonen motstand mot dei kristne julesongane. Men sjølv om dei tradisjonelle julesongane gjekk ut av bruk i høgareståande samfunnslag, blei dei som mange andre juleskikkar haldne i hevd på landsbygda og blant «lågare klassar».

Gjenoppliving og nyskaping[endre | endre wikiteksten]

Engelsk mor og born framfører julesongar akkompagnert av gitar. Illustrasjon frå 1800-talet.

På 1800-talet voks interessa for julesongar i heile det borgarlege Europa i lag med ei ny forståing av jul som ei familie- og gåvehøgtid. Songane blei særleg tekne i bruk i lag med den opphavleg tyske skikken med å gå syngande rundt eit juletre, men blei også tekne i bruk til juletilstellingar, ved skular og liknande, og framføringar ved mellom anna julekonsertar og som gatemusikk, ofte til veldedige føremål. Julegudstenestar med sterkt innslag av julesalmar blei populære.

Ved hjelp av massemedia, frå trykte notar og tekstar til speling i radio og på fjernsyn, kunne songar spreiast raskt over store delar av verda. Folkesongar knytte til jul blei samla inn eller omsette og utgjevne.[6] Den opphavleg tyske folkesongen «Fager er jordi» og den noko seinare «Å kom nå med lovsang» («Adeste fideles») er nokre slike mykje omsette songar.

«Kommet, ihr Hirten» framført av Chorakademie Dortmund. Dette er ein tysk julesong skriven i 1870 etter bøhmiske «Nesem Vám noviny» med melodi frå Mähren.

Med den nye interessa for jul blei det også skrive mange nye julesongar, som «Glade jul», «Det kimer nå til julefest» og «Du grøne, glitrande tre». Nokre nylaga songar brukte eldre materiale, som eldre melodiar og i nokre høve tekstar frå andre songar; gjerne frå andre språk. Eldre folkesongar utan eigentleg juleinnhald kunne også tilpassast julefeiringa, som tyske «O Tannenbaum» ('Å edelegran'), eller den ukrainske nyttårssongen «Sjtsjedryk», som blei til engelske «Carol of the Bells». Tidleg på 1900-talet laga engelske komponistar julesongar i «mellomaldersk» stil, som «Ding Dong Merrily on High» av George Ratcliffe Woodward og «Masters in this Hall» av William Morris.

Mange av dei nyskrivne songane var salmar som, lik dei gamle kristne songane, la vekt på hendingane omtala i Juleevangeliet, men frå 1800-talet byrja ein òg å laga songar utan religiøst innhald. Denne trenden nådde Noreg utpå 1900-talet, då songar som «På låven sitter nissen» vart til. Av dei hundretals songane skrivne for å seljast til jul er dei fleste blitt gløymde, ulikt folkesongane som har levd i mange hundreår.[7] Nokre moderne slagerar, som «Bjelleklang», «Feliz Navidad» og «White Christmas», er derimot blitt del av nye juletradisjonar.

«Children Go Where I Send Thee» er ein afroamerikansk spiritual.

Utbreiinga av kristen og vestleg kultur til andre delar av verda har ført til utvikling av fleire nye julesongtradisjonar. Omsette og nyskrivne julesongar kan tilpassast lokale stilar, som sørafrikansk korsong, karibisk calypso og liknande. Aguinaldo og nærskylde parang er karibiske tradisjonar der vandrande grupper framfører gamle spanske og nyskrivne julesongar i synkopert rytme med lokale instrument til.

Skikk og bruk[endre | endre wikiteksten]

Rumenske julesongarar med stjerne på 1800-talet.

Julesongar kan syngast a cappella eller framførast med instrument som blåsarar, gitar, piano eller orgel. Dei som syng kan ha ulikt tilbehøyr som gjer framføringa meir juleaktig, til dømes nisseluer, bjøller eller levande lys.

Å «synga jula inn» er ein gammal skikk der ei gruppe songarar kunne vitja heimar og synga julesongar, ofte i bytte mot mat og drikke eller pengar. Ein kan rekna det som lukkebringande å få besøk av julesongarar og gje dei noko.[8] Det finst mange ulike lokale tradisjonar for å gå frå hus til hus og framføra julesongar, som skandinavisk julebukk, ungar kledde som nissar (tidlegare ungdommar utkledd som bukk), kontinentaleuropeisk «stjernesongarar» (tysk Sternsinger), der ungar kledde som dei heilage tre kongar går med stjerner på stenger og syng religiøse songar, eller britisk wassailing, der ei gruppe vaksne eller unge jenter pynta med band syng til ære for hus, dyr eller tre.[9] Det er uvanleg å synga julesongar utanom juletida, og er for mange eit tabu som det å bryte i nokre høve kan reknast som ulukkesbringande.[10]

Tradisjonell norsk synging rundt eit juletre med julenisse, her ved Vesterheim Norwegian-American Museum i Iowa.
Amerikanske skuleelevar framfører ein julesong med bjøller.
Foto: Alex Licea
Eit amerikansk barnekor med nissehuer opptrer med julesongar i 2006.
Foto: Ethan Lindsey
Japanske barnehagebarn som vitjer den amerikanske marinebasen i Yokosuka syng tradisjonelle julesongar.
Foto: Barry Hirayama
Sølvguttene syng julesongar i Oslo rådhus litle julaftan 2005.

Ein syng elles særleg julesongar når ein går rundt juletreet julaftan og på juletrefestar eller ved kyrkjebesøk i samband med jula. Ofte blir dei brukte som allsong, men julesongane kan også framførast for tilhøyrarar. Gruppene som syng kan vera danna særskilt for dette føremålet, eller dei kan vera vanlege kor eller andre musikarar som opptrer med juleprogram. Frelsesarmeen er kjende for å opptre med julesongar til jul.

Musikarar kan også opptre med julekonsertar eller spela inn singlar eller plater med julesongar. I tillegg vert songane vert mykje spela på radio, fjernsyn og på handelsstader som torg og kjøpesenter i heile juletida. Julesongane kan brukast til å skapa julestemning, framkalla kjensler av glede og inderlegheit, eller for å få tilhøyrarane til å gjera store juleinnkjøp eller å gje pengar til gode føremål som songarane samlar inn for.

Nyare ritual knytt til julesongar er den anglikanske gudstenesteforma Nine Lessons and Carols, som oppstod seint på 1800-talet og er blitt kringkasta på BBC radio sidan 1928. Carols by Candlelight er ei opphavleg australsk samling der ein syng julesongar med levande lys. Samlingane tok til i Melbourne i 1938 og har sidan spreidd seg til andre byar, og blir vist på australsk fjernsyn. I Noreg har NRK sendt julekonsertar med Sølvguttene sidan 1965.[11]

Julesongar i andre kulturuttrykk[endre | endre wikiteksten]

Klassisk musikk[endre | endre wikiteksten]

Komponistar har brukt julesongar til å laga julemusikk sidan barokken. Dei har arrangert eldre songar etter sin musikkstil, laga nye verk basert på dei, og tidvis skrive nye songar.

Renessansekomponistar som Thomas Weelkes og Orlando Gibbons skreiv songar basert på bibeltekstar, men truleg til sekulære høve.[12]

Orgelsongar som byggjer på julesongar har vore vanlege å spela til jul. Slike songar blei komponerte frå 1600-talet, men også på 1800-talet laga Felix Alexandre Guilmant og César Franck nye noël-komposisjonar.

Fleire verk som byggjer på julesongar blei skrivne på 1900-talet: Ralph Vaughan Williams sin Fantasia on Christmas Carols (1912), Victor Hely-Hutchinson sin Carol Symphony (1927) og Benjamin Britten sitt korverk A Ceremony of Carols (1942), basert på gamle engelske julesongar.

Populærmusikk[endre | endre wikiteksten]

Mange nyare artistar har spelt inn juleplater med gamle og nye songar. I nokre minneverdige innspelingar kan dei med dette gjera ein julesong til «sin», som Jussi Björling med «O helga natt». Nyare songar kan til dømes gjerast kjende gjennom julesinglar, julekalenderseriar på fjernsyn eller som del av ein julefilm. Sidan julesongar er kjende og ofte alvorsfylte, eigner dei seg også godt til humoristisk parodiering.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

A Christmas Carol (norsk Et julekvad) av Charles Dickens er ei klassisk engelsk juleforteljing som har «ein julesong» som tittel.

Ulike julesongar[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelle norske julesongar[endre | endre wikiteksten]

Julesong Tekst skriven Opphavleg språk På nynorsk På bokmål Tema
«Det hev ei rose sprunge» 1500-talet Tysk 1900 ? Frelsar, vinter, rose
«Det lyser i stille grender» 1931 Norsk 1931 - Barn, frelsar, juleevangeliet, lys
«Du grøne, glitrande tre» 1866 Dansk 1906 1910? Frelsar, juletre, stjerne
«Eg er så glad kvar julekveld» 1859 Norsk 1906 1859 Frelsar, glede, julefeiring, lys, song
«Eg synger jolekvad» 1300-talet Latin - 1905 Frelsar, song
«En stjerne skinner i natt» 1992 Norsk - 1992 Englar, fred, frelsar, song, stjerne
«Eit barn er født i Betlehem» 1500-talet Latin 1905 (dansk 1850) Frelsar, juleevangeliet
«Eit lite barn, med frydeskrik» 1400-talet Tysk 1995 (dansk 1529) Frelsar, inkarnasjonen
«Fager er den himmel blå» 1810 Dansk 1900 (dansk 1840) Frelsar, fred, englar, juleevangeliet
«Fager er jordi» 1600-talet Tysk 1905 (dansk 1850) Frelsar, fred, englar, juleevangeliet
«Frå høge himmel kjem eg ned» 1535 Tysk 1870/1972 (dansk 1850) Frelsar, fred, englar
«Glade jul» 1818 Tysk 1906 (dansk 1850) Frelsar, fred, glede, englar
«Her kjem me, dine arme små» 1732 Dansk 1881 (dansk 1732) Frelsar, tilbeding
«Joleklokkor yver jordi» 1923 Norsk 1923 - Frelsar, fred, klokker
«Julekveldsvise» 1951 Norsk - 1951 Julefeiring, stjerne, juleevangeliet
«Kimer, I klokker» 1856 Dansk - - Frelsar, klokker, julefeiring
«Kling no, klokka» 1889 Norsk 1889 - Frelsar, englar, juleevangeliet, klokker
«Mitt hjerte alltid vanker» 1732 Dansk - (dansk 1732) Frelsar, juleevangeliet
«Musevisa» 1949 Norsk - 1949 Julefeiring, dyr
«No koma Guds englar» 1870 Norsk 1870 - Englar, fred
«Nå tennes tusen julelys» 1898 Svensk Frelsar, glede, lys
«Nå vandrer fra hver en verdens krok» 1895 Norsk
«På låven sitter nissen» 1911 Norsk - 1911 Dyr, graut, julefeiring, nisse
«Reven rasker over isen» 1600-talet eller tidlegare Skandinavisk  ?  ? Dyr, korleis ein gjer noko
«Så går vi rundt om en enebærbusk»  ? Norsk 1899 ? Julefeiring, korleis ein gjer noko
«Å jul med di gleda» 1800-talet Norsk 1906 Julefeiring, glede, song

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Julesongar