Toårig plante

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tistelen Cirsium discolor er ei toårig plante.

Ei toårig plante eller bienn er ei urteaktig plante som nyttar to år på å fullføre livssyklusen, frå frø til frø. Det første året dannar ei slik plante blad, røter og eventuelt stenglar. Det vanlegaste er at planta dannar ein bladrosett og gjerne ei rot for opplagsnæring.

Den toårige planta vil så danne stenglar, blomar og frø i det andre året. Ofte vil slike planter trenge ein kuldeperiode (vernalisering) før dei kan danne blomestengel. Økologisk ligg forklaringa på denne livsstrategien i at planta må overleve ein periode der det er ugunstig eller umogleg å reprodusere. Som oftast er denne perioden vinteren. Plantene samlar dermed næring i den første sesongen, går så inn i ein kvileperiode og startar ikkje ny vekst før det har vore ein kuldeperiode på ei viss lengd.

Nokre planter er obligate (av obligatorisk) toårige, dvs. at dei alltid blomstrar i sitt andre år. Nokre planter som ofte blir kalla toårige er likevel eigentleg fakultativt (dvs. valfritt) toårige, det vil seie at dei kan blomstre i sitt andre år, men kan òg overleve som rosett i fleire år dersom ikkje planta har klart å samle nok næring. Dei fakultativt toårige plantene må ha nådd ein terskelverdi for storleik før blomsterstengelen kan starte veksten. Sams for alle toårige er at dei normalt døyr etter reproduksjon, det vil seie at dei er semelpare.

Nokre toårige planter er revebjølle, filtkongslys og tårnurt.

Ein god del grønsaker er avla fram frå toårige planteartar, til dømes kvitkål, kålrot, gulrot og sellerirot. Det menneska nytter til mat er dermed lagringsorgana som plantene ville brukt til å danne blomestengel i neste vekstsesong. Nokre gonger vil plante gjennomføre den toårige syklusen på eit år. Ein snakkar då om at planta går i stokk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Toårig plante

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Begon, M., C.R. Townsend og J.L. Harper (2005) Ecology: From Individuals to Ecosystems, 4. utg. – Wiley-Blackwell, Oxford. ISBN 978-1-4051-1117-1.