Leon Bakst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1893
Kvldsmåltid, 1902

Léon Samojlovitsj Bakst, (10. mai 186628. desember 1924), var ein russisk kunstmålar, illustratør, scenograf og klesdesignar. Både som scenograf og klesdesignar var ein nybrotsmann. Fødd som Lev (Leib) Rosenberg, var han og kjend som Leon (Lev) Nikolajevitsj Bakst (Леон (Лев) Николаевич Бакст).

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Bakst kom til verda i Grodno (i dagens Kviterussland). Foreldra var jødar og høyrde til middelklassen. Etter eksamen ved gymnaset, studerte han ved Det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg. Samstundes arbeidde han deltid som bokillustratør.

Til si fyrste utstilling, i 1889, tok han namnet Bakst, med bakgrunn i at mormora var fødd Baxt. I dei tidlege 1890-åra stilte han ut sine verk saman med kunstnarar som arbeidde med vassfargar. Perioden 1893-97 budde han i Paris, der han studerte ved Académie Julian. Men han vitja St. Petersburg fleire gonger.

I andre halvpart av 1890-talet vart Bakst med i sirkelen av forfattarar og kunstnarar danna av Sergej Djagilev og Aleksandr Benois. Kunstrørsla Mir iskusstva sprang ut frå denne sirkelen. Bakst saman med Sergej Djagilev grunnla det verknadsrike tidsskriftet med namnet Mir iskusstva (=Kunstverda). Bakst vart berømt for si utforming av dette tidsskriftet.

Gjennomslag[endre | endre wikiteksten]

Bakst heldt og fram som staffelimålar. Han måla portrett av til dømes Filipp Maljavin (1899), Vasilij Rozanov (1901), Andrej Belyj (1905) og Zinaida Gippius (1906). Han var og kunstlærar til borna åt den russiske storhertugen. I 1902 fekk han av tsaren, Nikolaj II, i oppdrag å måle Møte mellom russiske sjømann. Bakst var då i Paris.

I 1898 synte han sine arbeid i den Djagilev-organiserte Første utstillig av russiske og finske kunstnarar, ei Mir Iskusstva-utstilling. Verk frå hans hand vart og vist ved ei utstilling i München, og ved utstillingar i regi av Forbundet for russiske kunstnarar.

Under revolusjonstida i 1905 arbeidde Bakst for tidsskrifta Zjupel, Adskaja Pusjta og Satyricon. I tida etter var han illustratør i kunstbladet Apollon.

Sceneteppe til Daphnis og Chloé, 1912

Frå 1909 arbeidde Bakst for det meste som teatermålar, scenograf. Han designa scenane til fleire greske tragediar. Allereie i 1908 fekk han mykje ros for sine teatermåleri til Djagilev sine oppsetjingar med Ballets Russes. Han laga scenedekorasjonane til Cleopatra (1909), Sjeherasad (1910), Karneval (1910), Narcissus (1911), Le Spectre de la Rose (1911), og Daphnis og Chloé (1912)). År 1910 laga han kostymar til balletten Eldfuglen, som vart urframført i Paris. Bakst budde desse åra i Vest-Europa, ettersom han var jøde og underlagt restriksjonar på kvar han kunne bu i Russland.

Under sine vitjingar til St. Petersburg underviste han på Zvantseva-skulen, der Marc Chagall var ein av hans elevar (1908-10).

Bakst vart i 1914 vald til inn i det keisarlege kunstakademiet.

I 1918 braut Bakst med Djagilev og Ballets Russes. Han døydde i 1924 i Paris av lungesjukdom.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Léon Bakst