Elikónas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg musikkinstrumentet helikon
Elikónas
Ελικών
Høgd over havet 1 749 moh
Ligg i/på Viotía i Hellas
Koordinatar 38°20′N 22°50′EKoordinatar: 38°20′N 22°50′E

Elikónas (gresk Ελικώνας) eller Helicon er eit fjell i regionen Thespiés i Viotía i Hellas med ei høgd på 1 749 moh. Det ligg like i nærleiken av Korintbukta.

Fjellet er kjend frå gresk mytologi på grunn av to kjelder som var heilaga for musene: Aganippe og Hippokrene. Hippokrenekjelda vart danna då hesten Pegasus trødde så hardt på ein stein på fjellet at det sprang ut ei kjelde frå staden. Elikónas var óg staden der Narkissos vart inspirert av sin vakre utsjånad i ei anna kjelde[1]. Elikónas var ein heilag stad som ein meinte vart nytta av gudane og gudinnene. Elikónas var særleg assosiert med musene, som delte emnene sine med kunstnarar. Det vart bygd eit tempel på Elikónas til ære for musene, og tempelet innehaldt statuar av dei. [2]

Hippokrenekjelda vart rekna for å vere kjelda for poetisk inspirasjon. Seint på 600-talet fvt. song diktaren Hesiod om korleis han i ungdomen hadde gjeta sauer i fjellsida på Elikónas. Der skal musene ha inspirert han til å byrje med song om opphavet til gudane. Dermed vart Elikónas eit symbol på poetisk inspirasjon.

Till Helicons Bierge fra Helgelands schiær
It Svelgende dyb derimellem mon vær',

Moratzer og megen U-føre.
Petter Dass i Giensvar paa Ole Nysteds Skrifvelse [1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Grant, Michael and Hazel, John. Who's Who in Classical Mythology Oxford University Press, USA; Reprint edition 1993
  2. Grimal, Pierre. The Dictionary of Classical Mythology Blackwell Publishing Limited 1996

Kjelde[endre | endre wikiteksten]