Korintbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Peloponnes sett frå rommet

Korintbukta er ei djup bukt i Det joniske havet i Hellas som skil Peloponnes frå det vestlege greske fastlandet. Ho grenser i aust til Korinteidet, der Korintkanalen går gjennom, og i vest til Rionsundet, som skil Korintbukta frå den ytre Patrasbukta ved neset Drepano, som på det smalaste vert kryssa av Rion-Antirio-brua. Korintbukta er neste heilt omgjeve av prefektura Aetolia-Akarnania og Fokis i nord, Boetioa i nordaust, Attika i aust, Korintia i søraust og sør og Akhaea i sørvest. Bukta er eit av dei mest seismisk aktive i Europa.

I mellomalderen vart bukta kalla Lepantobukta. Her vart det tredje slaget ved Lepanto utkjempa i 1571, der den osmanske flåten vart øydelagd. I 1772 vart ein annan tyrkisk flåte øydelagd av russarane ved inngangen til bukta. Byen Lepanto heiter i dag Nafpaktos.

Skipsruta mellom Athen og til hamner i resten av verda, inkludert Middelhavet, går gjennom bukta. Ferjesamband går mellom Aigio og Agios Nikolaus i den vestlege delen av bukta.

Korintbukta

Bukta er 130 km lang og mellom 8,4 og 32 km brei.

Innhaldsliste

[endre] Geologi

Bukta vart danna ved at ei tektnoisk rift utvida seg, og ho utvidar seg framleis med 3 cm i året. Dei omliggande forkastingane er svært seismisk aktive.

[endre] Byar

Byar ved bukta er mellom anna

[endre] Elvar

Følgjande elvar munnar ut i Korintbukta.

[endre] I nord

[endre] I sør

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelde

Koordinatar: 38°12′55″N 22°32′36″E