Elise Ottesen-Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elise Ottesen-Jensen (2. januar 18864. september 1973) var ein norsk-svensk seksualopplysar, journalist og sosialistisk agitator som kjempa særleg hardt for kvinnenes rett til å forstå og styra over sin eigen seksualitet. Ho er rekna som ei føregangskvinne innan kvinnekamp og feminisme.

Ho vart fødd Elise Ottesen i Høyland kommune i Rogaland fylke som prestedotter, nummer 17 av ein barneflokk på 18. Høyland kommune gjekk i 1965 inn i Sandnes kommune, slik at mange gonger vert ho rekna å koma frå Sandnes. Elise Ottesen var frå 19151945 gift med fredsagitatoren Albert Jensen.

Medan ho voks opp ville ho bli tannlege, men mista fingrar i ei ulukke og ende opp som journalist i staden. Etter at systera blei gravid og tok livet sitt på grunn av dette, starta ho ein kamp for rett til seksualopplysing og abort for kvinner. Den skulle vara i femti år.

Ho var verksam i Sverige frå 1919, og grunnla Riksförbundet för sexuell upplysning (RFSU) i 1933. RFSU er ein ideell organisasjon som driv med informasjon om emne knytt til seksualitet.

Spreiing av informasjon om emne knytt til seksualitet var lenge nærast tabu, og til dels ulovleg. Ho la vekt på å informera om kontroversielle emne som prevensjon og abort.

Ottesen-Jensen gjekk under tilnamnet Ottar. Den norske feministiske kvinnegruppa Ottar er oppkalla etter henne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]