Eminem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eminem opptrer i 2009.

Marshall Bruce Mathers III (fødd 17. oktober 1972), betre kjent under artistnamnet Eminem, er ein rappar frå Missouri i USA. Eminem er ein populær, men kontroversiell hiphopartist som har vunne grammy- og oscarprisar. Med eit sal på over 80 millionar album (2009) er han også ein av verdas mestseljande artistar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Marshall Bruce Mathers vart fødd i småbyen Saint Joseph i Missouri i 1972 som son av Debbie Mathers Briggs og Marshall Bruce Mathers II. Faren forlét familien då guten var seks månader gammal. Marshall og mora flytta fleire gonger. I 1984, då Marshall var elleve, slo dei seg ned i Warren i Michigan, like nord for Detroit.

Marshall hadde eit tøff og økonomisk stram barndom. Marshall og mora levde på ein spinkel amerikansk sosialtrygd. Mora misbrukte alkohol og piller og var valdeleg mot sonen, noko som han blant anna nemnar i låtane «Cleaning Out My Closet» og «My Mom». Som tenåring freista Marshall å sende brev til faren. Dei kom uopna tilbake. Eminem har aldri møtt faren sin.

Onkelen Ronald Dean «Ronnie» Polkingharn, var kanskje den som stod Mathers nærast på denne tida. Polkingharn tok livet av seg 14. desember 1991, noko som gjekk hardt inn på Mathers. Songane «Stan», «Cleaning Out My Closet» og «My Dad' Gone Crazy» refererer alle til dette dødsfallet, samstundes som Mathers har ein tatovering på den venstre armen sin der det står «Ronnie R.I.P.».

Skulegang[endre | endre wikiteksten]

Som tolvåring byrja Marshall Mathers på Lincoln Junior High School. Han blei interessert i hiphop med Beastie Boys-albumet Licensed to Ill, og blei fan av artistar som LL Cool J og 2 Live Crew. Fjorten år gammal tok han til å rappa under psevdonymet M&M. Han blei med i gruppa Bassmint Productions som gav ut albumet Steppin' Onto The Scene.

Medan han utvikla seg musikalsk, synte Mathers lita interesse for skulearbeid. Han vart mobba på skulen og oppveksten hans vart difor prega av ei rekkje skolebytte. Hyppig skulking medførte at han ikkje stod til eksamen i 9. klasse. Marshall slutta på high school etter at han strauk til eksamen for tredje gong.

Byrjing som musikar[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha slutta på skulen, hadde Mathers mange ulike småjobbar, medan han den heile tida jobba iherdig for å utvikle musikken sin ytterlegare. Han rappa i fleire grupper som Basement Productions, The New Jacks, og Sole Internt, før han avgjorde seg for å starte sin solokarriere. I 1995 gav han ut albumet Infinite gjennom det lokale plateselskapet FBT Productions. Albumet vart hånt av det lokale hiphopmiljøet, men til trass for kritikken han fekk fortsette Eminem å promotere seg sjølv ved å stille opp på radiostasjonar, og freestyle-konkurransar over det heile landet. I 1997 vann han prisen Wake Up Show Freestyle Performer of the Year, og fekk andreplass i den årlege freestyle/rappekonkurransen Rap Olympics i regi av Rap Sheet Magazine.

Eminem vart lagt merke til av hiphopmagasinet The Source, som skreiv om han den innflytelsesrike spalta Unsigned Hype i 1998. Det var overraskande stor merksemd rundt artisten, sjølv frå radiostasjonar som aldri før hadde vist noka interesse for eller promotert musikksjangeren rap. Eminem skilde seg ut som den første kvite rapparen i ein musikksjanger utvikla av, og knytt til, afroamerikanarar. I 2000 blei Eminem den første kvite som blei avbilda på framsida av The Source.

Gjennombrot[endre | endre wikiteksten]

Det neste albumet til Eminem, The Slim Shady LP, vart spelt inn medan Eminem budde saman med kjærasten Kim og dottera Hailie i eit fattigsleg og narkotikabelasta strøk aust i Detroit. Under innspelinga fekk han kontakt med presidenten for plateselskapet Aftermath Entertainment, den legendariske Dr. Dre. Med han som produsent kunne Eminem gje ut sitt første album gjennom eit større plateselskap. The Slim Shady LP blei eitt av dei mest populære albuma i 1999, og selde til trippel platina i USA.

I 2000 kom han ut med eit nytt album som heitte The Marshall Mathers LP. Det vart ein enorm hit som selde i over tre millionar eksemplar den første veka. Totalt vart det det mest selde rap-albumet gjennom tidene. Men 2000 var også eit tøft år for den kontroversielle stjerna. Eminem kom i arresten for å ha veifta med eit skytevåpen på ein nattklubb, etter å ha vorte saksøkt av si eiga mor. Kona hans freista å ta livet av seg ved og kutte pulsårene sine, medlemmer frå GLAAD (Gay and Lesbian Alliance Against Defamation) danna kampanjar mot det dei såg som homofobe songar, og tekstene hans vart sitert i det amerikanske senatet som døme på korleis vald vart profilert i underhaldningsbransjen.

Eminem ynskte å prøve seg som skodespelar, så i 2002 reiste han til Hollywood for å spele inn filmen 8 Mile. Filmen vant mellom anna ein oscarpris for beste song, «Lose yourself».

2005-2006[endre | endre wikiteksten]

14. januar 2006 gifta Eminem og Kimberly seg for den andre gongen i von om at det skulle gå bra denne gongen. Eit amerikansk blad skal ha fått tak i ein av paret sitt bryllupsinvitasjonar, kor det blant anna stod: «Denne dagen giftar eg meg med den beste venen min, han eg ler saman med, han eg lever for og han eg elskar.» Men det gjekk berre tre månader før Kimberly ville skiljast frå Eminem. Då hadde ho samstundes fått ei dotter, Whitney, saman med Eric Haltar.

I 2006 skulle Eminem på europaturné, men nokre dagar før turneen vart han sjukemeldt. Media laga eit enormt oppstyr rundt dette, fordi Eminem har vore i retten fleire gonger for stoffmisbruk. Han sa til pressa at det ikkje var noko slikt denne gongen, men nokre dagar etter vart det kjent at han misbrukte sovetablettar, fordi han hadde det vanskeleg etter skilsmisse med Kim. På turneen som vart avlyst skulle Eminem blant anna til København, Göteborg, Hamburg, Stockholm, Paris, London og Amsterdam. Turneen skulle starte 1. september 2006.

Eminem vart innlagt til behandling av avhenga av sovetablettar. Han var på lengre tid under oppsyn på sjukehus. Fleire amerikanske media rapporterte at Eminem planla å pensjonere seg, men rapparen var raskt ute for å slå tilbake mot rykta.

Verk[endre | endre wikiteksten]

The Eminem Show viste den politiske Eminem seg fram for første gongen, i det han truga med å marsjere opp og pisse på plenen til Det kvite huset i «White America», og åtvara tilhøyrarane mot presidenten si krigshissing i songen «Square Dance». Samstundes kom han med hatefulle utsegner mot mora og ekskona si, kvinner og homofile.

Shady LTD[endre | endre wikiteksten]

Shady LTD er klesmerket til Eminem. Shady LTD blir produsert av Nesi Fashion Brands og starta opp i 2003. Det er no eit kjent merke i USA.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]