Enkjer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Enkjer


Dominikanarenkje, Vidua macroura Foto: Doug Janson
Dominikanarenkje, Vidua macroura
Foto: Doug Janson

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Viduidae
Slekter

Enkjer er ein biologisk familie, Viduidae, av 20 artar små sporvefuglar, alle endemiske til Afrika.

Desse finkeliknande artane har ei fjørdrakt som vanlegvis er dominert av svart eller indigo. Hannar av ni av artane har lang eller særs lang hale i praktdrakta.

Alle enkjer er reirparasittar som legg egga sine i fuglereira til artar av astrildar. Dei fleste brukar amarantar som vertar, medan somme vel pytilias-astrildar. I motsetnad til gauken, øydelegg ikkje enkjer egga til verten. Vanlegvis legg dei 2-4 egg i tillegg til dei som allereie er i reiret. Egga av både vert og offeret er kvite, sjølv om enkjeegga er litt større.

Mange av artane der hannar er utan lang hale er mykje like i utsjånad. Hannane er vanskelege å skilje i felt, og ungfuglar og hofuglar nær umoglege. Den beste rettleiinga er ofte astrildarten som dei er knytt til, sidan kvar art av enkjer parasitterer ein bestemt vertsart. Til dømes vil landsbyenkje vanlegvis parasittere raudnebbamarant. Enkjer imiterer verten sin song, songen lærer hannane i reiret. Sjølv om hoer ikkje syng, lærer dei òg å kjenne att songen, vel hannar med same song, og vidarefører dermed koplinga mellom enkjeart og astrildart. Ungar av enkjer etterliknar vertsungane sin måte å gape på.

Tilpassing til vertsfuglen er drivkrafta bak artsdanning i denne familien, men den nære genetiske og morfologiske likskapen mellom artane i enkjefamilien tyder på at dei er av nyare opphav.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Jernsporvar med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[1]

Slekt Vidua

Slekt Anomalospiza

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]