Eric Hobsbawm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eric Hobsbawm.jpg

Eric John Ernest Hobsbawm (9. juni 19171. oktober 2012) var ein britisk historikar, mest kjend for si firebands verdshistorie for tidsrommet 1789 opp til vår tid. Verket består av Revolusjon i Europa 1789-1848 (engelsk 1962, norsk 1972), Kapitalens tidsalder (engelsk 1975, norsk 1978), The Age of Empire (1987) (ikkje på norsk) og Ekstremismens tidsalder (engelsk 1994, norsk 1997).

Liv[endre | endre wikiteksten]

Hobsbawm vart fødd i Alexandria i den då britiske kolonien Egypt. Foreldra var begge jødar. Han voks opp i Wien og Berlin. Sjølv om familien budde i tyskspråklege land, nytta foreldra engelsk tale i samværet med borna. Fjorten år gammal vart han foreldrelaus. Ein farbror og ei morsyster gift med kvarandre tok då over forsytaransvaret for Eric og systera hans. Dei flytta alle til London og England i 1933.

Politisk orientering[endre | endre wikiteksten]

Hobsbawm melde seg i 1936 inn i det Det Britiske Kommunistpartiet. Han vart verande i partiet også etter Sovjetunionens invasjon i Ungarn i 1956, ein invasjon han motstridande (heavy heart) støtta opp om.

Seinare slutta han seg til krinsen rundt tidsskriftet Marxism Today. I ein artikkel i dette tidsskriftet hevda han (i 1978) at arbeidarklassa var i ferd med å miste si leiarrolle i samfunnet. Venstrepartia måtte difor orientere seg breiare, mot andre veljargrupper. På slutten av 1970-åra var dette eit kontroversielt standpunkt, i ei tid der militante fagforeiningar i Storbritannia låg i strid med kapitalkreftene. Etter 1983 støtta han den nyvalde partileiaren Neil Kinnock og hans omdanning av det britiske arbeidarpartiet (Labour).

Historikar[endre | endre wikiteksten]

Hobsbawm studerte historie ved King's College i Cambridge. Eksamen avla han i 1939 med eit arbeid om Fabian Society. Under 2. verdskrigen gjorde han teneste i ingeniørkorps og i hæren sitt utdanningskorps.

I 1947 vart Hobsbawm lektor i historie ved Birkbeck College i London, der han var tilsett i heile si arbeidstid. Han vart i 1970 utnemnd til professor i sosial og økonomisk historie. I 1982 trekte han seg tilbake, arbeidde seinare som gjesteprofessor fram til 1997. Han tala engelsk, tysk, fransk og spansk og las nederlandsk, portugisisk og katalansk.

Tema[endre | endre wikiteksten]

Som marxistisk historikar arbeidde han mykje med å forstå verknaden av dei to revolusjonane; den industrielle, engelske og den politiske, franske. Han ser desse som drivkreftene bak utviklinga av det liberalistiske, kapitalistiske samfunnssynet som råder i dag.

Hobsbawm vart halden for å vere ein av dei fremste marxistiske nasjonalisme-teoretikarane. I boka Nations and Nationalism since 1780 (1990) hevdar han at mange tradisjonar er skapt av nasjonale elitar, for å rettferdiggjere deira eksistens og posisjon i sine respektive nasjonalstatar. Nasjonen er, seier han, historisk betinga og dermed eit tilfelle som anna menneskeskapt. Nasjonalismen oppstod med dei to store revolusjonane, den politiske og den industrielle, og er knytt til ei rekke av økonomiske, kulturelle og sosiale faktorar. Nasjonalismen som styringsreiskap vert konstruert av samfunnsingeniørar, historikarar og politiske makthavarar, men kan ikkje bestå utan stønad i folks håp og behov. Hobsbawm meiner ei forståing av desse folkelege førestillingane trengst, om ein skal få djupare innsikt kring nasjonalismens samfunnsdannande kraft og verknad.

Sosiale opprør er eit anna tema som Hobsbawm forska på. Han såg slike meir som ein relevant del av samfunnsskipnaden, enn som uforståelege og primitive opprør. Desse opprøra, som eliten i samfunnet held for rein kriminalitet, måtte sjåast som motsvar til den marginalseringa som mange i randsonene av samfunnet kjenner på og reagerer imot.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Hobsbawm var i lang tid jazzkritikar i avisa New Statesman, under psevdonym. Han skreiv også to bøker om jazz. I den eine av desse, Uncommon People, ser han etter sambandslinjer mellom jazz og opprør. Han har elles skrive i mange ulike publikasjonar. Barbari i moderne samfunn, vanskane for fagforeiningsrørslene, og striden mellom anarkismen og kommunismen er tema som går att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]