Erik Bergman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erik Bergman.

Erik Valdemar Bergman (fødd 24. november 1911 Nykarleby, død 24. april 2006 i Helsingfors) var ein finlandssvensk komponist.

Han studerte ved Helsingfors universitet i åra 1931–1933, etter det ved Sibelius-Akademin i Helsingfors og studerte seinare hos Heinz Tiessen i Berlin og Wladimir Vogel i Ascona.

Bergman var hovudmannen bak den finske modernismen innan klassisk musikk, men skreiv som ung romantiske verk og var òg innom primitivismen. Han introduserte i 1950-åra tolvtonemusikken i Finland. Spesialinteressa hans var menneskerøysta, som han har skrive mange verk for. 77 år gammal fullførde han sin første opera, Det sjungande trädet (1988), med ein libretto av Bo Carpelan.

Det siste verket sitt, Fantasi for trompet og orkester, komponerte Erik Bergman 92 år gamal, kort tid før han vart råka av hjerneblødning. Erik Bergman døydde den 24. april 2006 i Helsingfors etter lengre tids sjukdom.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Rekviem for ein død diktar (1970)
  • Colori ed improvvisazioni (1973)
  • Noa
  • Aubade
  • Symbol
  • Circulus
  • Tre fantasiar for klaver og klarinett
  • Det sjungande trädet, opera (1988)
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.