Ernest Renan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ernest Renan.

Ernest Renan (28. februar 18232. oktober 1892) var ein fransk filosof som blei svært berømt for boka si Vie de Jésus (Jesu liv) frå 1863.

Jesu liv var svært omstridd i si tid fordi han behandla Bibelen som ei kvar historiske kjelde og gjorde boka til gjenstand for same kritiske gransking som andre historiske kjelder. Dette forarga Den katolske kyrkja. I dag er Renan meir berømt for definisjonen sin av nasjon, som han la fram i boka ”Qu'est-ce qu'une nation?” i 1882. Der kritiserer han tyske definisjonar som la vekt på utsjånad og språk som kriterium. I staden framhevar han viljen til å leva saman. Emnet var aktuelt for Renan sidan han budde i Alsace-Lorraine, der det var konflikt om nasjonal tilhøyrsle. Renan meinte at nasjonen eksisterte ved at den vart fortløpande godkjend av borgarane.