Ernst Kirchner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, foto frå 1919

Ernst Ludwig Kirchner (6. mai 188015. juni 1938) var ein tysk ekspresjonistisk målar og grafikar frå Aschaffenburg, ein av grunnleggjarane av den tyske kunstnargruppa Die Brücke. I 1933 vart arbeida hans merka som «entartete» av nazi-regimet i Tyskland og i 1937 vart meir enn 600 av verka hans anten selde eller øydelagde. Året etter tok Kirchner livet sitt i Davos i Sveits.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Kirchner var fødd i Aschaffenburg i Bayern. I 1901 byrja han å studere arkitektur på 'Königliche Technische Hochschule' i Dresden. Lærestaden baud på ei rad studietilbod ved sidan av arkitektur, som til dømes frihandsteikning, perspektivteikning og kunsthistorie. Der vart han ein nær venn av Fritz Bleyl, som han møtte det første semesteret. Dei diskuterte kunst i lag og studerte elles naturen, med ei radikal oppfatning dei var samde om. Kirchner heldt fram studiane i München 1903–04, i 1905 returnerte han til Dresden for å fullføre studiane.

Sjølvportrett med modell, ca 1910

Die Brücke[endre | endre wikiteksten]

I 1905 danna Kirchner, Bleyl og to andre arkitekturstudentar, Karl Schmidt-Rottluff og Erich Heckel, kunstnargruppa Die Brücke. Gruppa sette seg mål om å halde seg unna den rådande, tradisjonelle stilen og finne ei ny kunstnarisk uttrykkform, ei form som kunne vere ei bru mellom fortida og samtida. Dei var inspirert av tidlegare kunstnarar som Albrecht Dürer, Matthias Grünewald og Lucas Cranach den eldre, til liks med dei samtidige, internasjonale avantgarde-rørslene. Som ei forsikring om at dei tok i vare den nasjonale arven, tok dei i bruk att eldre kunstformer, i særleg grad tresnitt.

Då tida var mogen fekk kunstnargruppa monaleg innverknad på utviklinga av moderne kunst i det 20. hundreåret, gjennom den ekspresjonistiske stilen ein fremja. Gruppa møttest til å byrje med i Kirchners fyrste atelier, eit lokale som i førevegen hadde vore ein slaktarbutikk. Atelieret vart ein åstad der sosiale konvensjonar vart kasta om koll. Til aktmodellar nytta gruppemedlemene kvinner og jenter frå den sosiale omgangskrinsen og frå samfunnet elles. For å fremje spontaniteten vart aktstudiane gjennomført på eit kvarters tid.

Gruppa laga eit manifest, som vart gravert i tre, og hevda tilhøyre ein ny generasjon «som ynskjer fridom i våre arbeid og i våre liv, og frittståande i høve eldre, etablerte krefter». I september og oktober 1906 heldt gruppa si fyrste utstilling, med fokus på den nakne kvinnekroppen, i utstillingslokala til K.F.M. Seifert & Co. i Dresden.

Somrane mellom 1907 og 1911 budde Kirchner, saman med andre Brücke-medlemer, ved Moritzburg-sjøane og på øya Fehmarn; arbeida hans syner den nakne kvinna omgjeven av natur. I 1911 flytta han til Berlin, der han grunnla ein privat kunstskule, MIUM-Institut, i samarbeid med Max Pechstein med mål om å fremje ei modernistisk undervisning innanfor målarkunsten. Skulen var ingen suksess og vart stengt året etter. Han innleia då eit forhold med Erna Schilling, eit forhold som varte livet ut.

Elisabethufer, 1913
Stort kjærastepar, 1930

Oppbrot frå Die Brücke[endre | endre wikiteksten]

I 1913 skreiv han Chronik der Brücke som leia til at gruppa vart oppløyst. Kring den tid etablerte han ein individuell identitet med si fyrste soloutstilling. Gjennom dei neste to åra måla han ein serie med storbybilete som syner gatene i Berlin, med gatejenter som sentrale figurar.

Etter utbrotet av fyrste verdskrigen melde Kirchner seg friviljug til militærteneste, men fekk eit nervøst samanbrot i 1915 og vart dimittert. Dei neste to åra kom han til hektene i sanatorium i Taunus og Davos i Sveits.

Davos. Stigande ry[endre | endre wikiteksten]

I 1918 busette han seg i Davos, på ein bondegard i Alpane. Frå den tid og framover var fjellmotiv hovudemne for målinga hans. Den 3. juli 1919 skreiv han i eit brev frå Davos; «Kjære Van de Velde skriv i dag at eg bør returnere til det moderne livet. For meg er det heilt utelukka. Eg angrar heller ikkje.... Det herlege verda byr er det same overalt, skilnaden ligg einast i dei utvendige forma. Her lærer ein å sjå vidare og å gå djupare enn det såkalla moderne liv, som oftast er så mykje meir overflatisk, trass sin rikdom av ytre former».

Ryet til Kirchner voks etter fleire utstillingar i Tyskland og Sveits i 1920. I 1923 flytta han til grenda Frauenkirch i Davos. Kunstmuseum Basel sette i stand ei større utstilling, noko som førte til at den sveitsiske kunstnargruppa Rot-Blau, beståande av Paul Camenisch, Albert Müller og Hermann Scherer, vart danna. Kirchner vitja Tyskland siste gongen i 1925–26. Hans kunstnariske ry heldt fram å vekse tiåret ut. Dette synte seg både ved at ein monografi kom ut, samt fyrste delen av ein catalogue raisonné over grafikken hans i kom 1926. Han fekk i oppdrag å lage eit veggmåleri til Folkwang-museet 1927, og og vart presentert på Biennalen i Venezia i 1928. År 1931 vart han medlem av det prøyssiske kunstkakademiet.

Nazisme mot Kirchner[endre | endre wikiteksten]

I 1933 fekk Kirchner merkelapp som ein «degenerert kunstnar» av det tyske nazistyret og vart bedd om å trekke seg frå kunstakademiet i Berlin. Fire år seinare vart over 600 verk som han hadde laga, fjerna frå offentlege museum i Tyskland og vart anten seld eller øydelagde. Traumatisert av desse hendingane, jamsides nazi-okkupasjonen av Austerrike, ganske nær heimen hans i Davos, enda med at han tok livet sitt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ernst Ludwig Kirchner

Kjelder[endre | endre wikiteksten]