Eschweiler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eschweiler
Borg Kambach i Eschweiler
Borg Kambach i Eschweiler
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Eschweiler
Eschweiler is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Köln
Aachen
Geografi
Flatevidd
 - By

76,559 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

55 646
  594/km²
Koordinatar 50°49′0″N 06°17′0″EKoordinatar: 50°49′0″N 06°17′0″E
Høgd over havet 110–262 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 52249
Telefon-retningsnummer 02403
Bilnummer AC
Heimeside: www.eschweiler.de

Eschweiler er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 55 000 innbyggjarar og ligg i kreisen Aachen ved elva Inde. Han har ein lang tradisjon som industriby.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Eschweiler ligg om lag 15 km aust for Aachen og 50 km vest for Köln.

Bydelar i Eschweiler er Altstadt, Aue, Bergrath, Bohl, Dürwiß, Fronhoven, Hastenrath, Hehlrath, Hücheln, Kinzweiler, Neu-Lohn, Nothberg, Ost, Pumpe-Stich, Röhe, Röthgen, Scherpenseel, Siedlung Waldschule, St. Jöris, Vöckelsberg, Volkenrath, Weisweiler og Wilhelmshöhe.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Keltarane dreiv drift etter jernmalm og romarane bygde vegar og «villae rusticae» i området i antikken. Eschweiler vart derimot først nemnd i 828 av Einhard, biografen til Karl den store. I 1394 vart gruvedrift etter kol nemnd for første gong. I nokre hundreår var byen ein del av hertugdømet Jülich. Heile byen, bortsett frå eit hus og den verdifulle Pietà. I 1794 vart byen ein del av Frankrike, og i 1800 fekk byen franske kommunerettar og vart administrasjonssete i kantonen Eschweiler i departementet Roer.

Etter Napoelon sitt fall gjekk byen til Preussen i 1816. Dei franske kantonane Burtscheid og Eschweiler vart slått samen til den prøyssiske kreisen Aachen, og i 1858 fekk Eschweiler prøyssiske kommunerettar. Bydelane Hehlrath, Kinzweiler og St. Jöris vart avstått for å danne den nye kommunen Kinzweiler. I 1932 vart Hastenrath og Nothberg ein del Eschweiler. I 1944, under den andre verdskrigen, vart byen hardt råka, og den siste kolgruva vart fylt med vatn og aldri opna igjen. Etter krigen vart han ein del av den nye delstaten Nordrhein-Westfalen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eschweiler

Kjelder[endre | endre wikiteksten]