Estisk kroon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Estisk kroon
Land Estland
Delt i 100 senti
Valutakode EEK
Innført 1928
Avskaffa 15. januar 2011
Erstatta av Euro

Estisk kroon eller krone (Ekr - Eesti kroon) var valutaen i Estland. Valutakoden er EEK. 1 Kroon (pluralform krooni) = 100 senti (singularform sent). Noregs Bank noterer valutakurs for estikse kroner. Ei estisk krone er notert til mellom 50 og 60 øre (2009).[1]

Valutaen vart innført i 1928 i staden for den tidlegare estiske marken som var innført i 1921. Det estiske krona gjaldt fram til den Estland vart hærteken av Sovjetunionen i 1940, og rubelen vart innført som betalingsmiddel. I juni 1992 vart den estiske krona på nytt innført som valuta istadenfor rubelen. Den første tida var ho knytt til D-marken. Då Tyskland innførte euro, vart krona bunden til euroen i staden. Estland vart medlem av EUs pengeunion 1. januar 2011. Etter ein overgangsperiode på to veker er den estiske krona frå og med 15. januar 2011 ikkje lenger gyldig betalingsmiddel, men kan vekslast inn til sentralkurs (1 EUR = 15,6455 EEK) i sentralbanken.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Valutaen vart utmynta av Eesti Pank - EP som vart grunnlagd i 1919 og fornya i 1990. EP har huvudkontor i Tallinn.

Valørar[endre | endre wikiteksten]

  • mynt: 1 og 5 krooni
  • underening: 5, 10, 25 og 50 senti
  • setlar: 1, 2, 5, 10, 25, 50, 100 og 500 krooni

Sedlar[endre | endre wikiteksten]

Sedlar
Bilete Valør Farge Utsjånad
Framside Bakside Framside Bakside
EEK-1kroon-front.jpg EEK-1kroon-rear.jpg 1 kroon Oransje/Brun Kristjan Raud Slott Toompea
EEK-2krooni-front.jpg EEK-2krooni-rear.jpg 2 krooni Grå blå Karl Ernst von Baer Tartu universitet
5 krooni Oransje Paul Keres Narva slott og Ivangorod festning
EEK-10krooni-front.jpg EEK-10krooni-rear.jpg 10 krooni Raud Jakob Hurt Tamme-Lauri ek
EEK-25krooni-front.jpg EEK-25krooni-rear.jpg 25 krooni Grøn Anton Hansen Tammsaare Vargamäe by
50 krooni Lysgrøn Rudolf Tobias Estonia-teatret
100 krooni Lysblå Lydia Koidula Baltisk klint
500 krooni Lilla Carl Robert Jakobson Ladusvala

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]