Baltisk klint

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Valastefossen

Baltisk klint (estisk Balti klint, russisk Балтийско-ладожский уступ, Глинт, Baltisjsko-ladozjskij ustup eller Glint) er ein skrent av kalkstein på fleire øyar i Austersjøen i Estland og i Leningrad oblast i Russland. Området strekkjer seg om lag 1200 km frå Öland i Sverige gjennom kontinentalsokkelen til dei estiske øyane Osmussaar og Suur-Pakri til Paldiski, så langs sørkysten av Finskebukta og elva Neva til område sør for innsjøen Ladoga i Russland, der det forsvinn under yngre avleiringssediment. Klippene når opp til 55,6 meter over havet på Ontika i Kohtla kommune i Estland. Fleire elvar har grave seg gjennom klippene, som Narva, Luga, Izjora, Tosna, og dannar mange fossefall og stryk. Valastefossen i Kothla kommune er den høgaste av dei med eit fall på 25 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]