Følblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Følblom


Leontodon autumnalis höstfibbla.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae
Slekt: Leontodon Følblomslekta
Art: L. autumnalis
Vitskapleg namn
Leontodon autumnalis

Følblom er ein art i korgplantefamilien. Arten er utbreidd i Europa, Asia og Nord-Afrika.

Planten vert kring 15 cm høg og har smale bukttagga eller oftast buktfinna snaue rosettblad. Han har snautt skaft, som øvst under korgene er tjukkare og ofte med nokre smale bladskjel. Korgdekkblada kan vere med eller utan hår. Følblomen har gule kroner, dei ytre kronene har raud stripe på undersida. Berre fjørstrålar i fnokken.

Følblom er ein omskifteleg art. Han blomstrar kring juli månad i beitemark og på vegkantar. Han er vanleg gjennom heile Noreg og er funnen opp til 1600 m i Jotunheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.