Fanteladda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Fanteladda» eller «Vesle Kari Rud» er namnet på ein slått med tilhøyrande segn som har vore fortald og spela i Valdres og Hallingdal. Til segna høyrer fleire ulike slåttar, som har vore spela både på langeleik og hardingfele. Langeleikslåtten som har vore nytta i Valdres skil seg til dømes frå hardingfeleslåtten med same namn. Slåttane med namnet «Vesle Kari Rud» er knytte til ein tredje slåttekrins. Det finst og ein slått frå Telemark, skriven ned etter Øystein Hovdestad frå Vinje, men namnet «Fanteladda». Denne er ikkje melodisk knytt til valdresforma.

Segna[endre | endre wikiteksten]

Segna fortel om ei jente, Kari Rud eller Fanteladda, som var så glad i å danse. Ho ville ikkje gje seg før daggry, er det fortald. Så var det ein dag det synte seg ein framandkar i døra, som baud ho opp til dans, og Kari sa ja. Mannen dansa med ho til ho var mest utsliten, og då spelemannen såg dette, la han ned fela, men fela heldt fram. Då fela vart lagt i skrinet sitt, heldt fela framleis på, medan Kari hang som ei sliten fille i armane på framandkaren. Då daggryet kom, kvarv den framande, og Kari låg daud att på golvet. Folk sa seinare at denne framandkaren var djevelen, som hadde vore ute etter ho.

Denne segna har ein moralsk bodskap: Hald opp med dansen i tide. Det finst ei liknande segn i England, der ein festlyd dansar på sundagen i kyrkjetida, og vert straffa av djevelen, som tvingar dei til å danse til dei stupar. Straffa for desse er at dei sistpå blir trolla i stein (jmfr Kivlemøyane).

Slåttesteva[endre | endre wikiteksten]

Til Fanteladda går stevet slik:

Fanteladda vilde ha seg mann
om ho sko ta`n frå eit anna land
Fanteladda ho var like god
om ho dansa forutan skor
Fanteladda ho var like kry
om ho dansa i Kongens by
Fanteladda ho var like sæl
om ho dansa seg spent i hel

Telemarksforma har stevet slik:

Fanteladda vørde ikkje om ho dansa seg spent i hel.

Stevet til Vesle Kari Rud:

Huttemetu, vesle Kari Rud
kom, skal du få danse metta di, du
E ska de snu, det må du tru
so lengje du står på føto di, du!