Vesle Kari Rud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Vesle Kari Rud» eller «Gaute Navarsgard» er ein springar knytt til segna om Fanteladda. Kari Rud er eit anna namn på jenta i segna. Slåtten Vesle Kari Rud høyrer elles til ein annan slåttekrins, og kan handsamast for seg. Nokre av formene er skøytt saman med tak frå variantar av springaren «Asle Myro», til dømes «Helge Treisk» frå Jondalen.

Gaute Navarsgard var ein framifrå reinskyttar frå Møsstrond, som og hadde ord på seg for å drive med svartekunst. Stevet hans går slik:

Gaute Navarsgard
Det var snåle kar
Han skaut firogtjuge reinar på ein dag
Leiulv Kåveson
det var meir til mann
Han skaut alle dei som ikkje Gaute fann.

Segna fortel at Leiulv stakk av med ei jente Gaute skulle hatt.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåttekrinsen har fått katalognummer 505 i hardingfeleverket. Variantar av slåtten finst i Valdres, Krødsherad, Numedal, Hallingdal og Telemark. I Telemark har slåtten vore mest nytta i Bø og Hovin. springar nr 177, Kari Rud, er og knytt til gruppa:

nr. 505:

  • g: Gaute Navarsgard, etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak (G 1364, NRK magn. 2577).

Supplementsform: