Ferdinand av Braunschweig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hertug Ferdinand av Brunswick

Ferdinand av Braunschweig (fødd 12. januar 1721 i Wolfenbüttel, død 3. juli 1792 i Braunschweig), hertug av Braunschweig-Lüneburg, var ein preussisk feltmarskalk (1758–1766) som er kjend for deltakinga i sjuårskrigen.

Som den fjerde sonen av Ferdinand Albert II av Brunswick-Lüneburg, slutta han seg til dei væpna prøyssiske styrkane som oberst i 1740. Han deltok i slaget ved Mollwitz og slaget ved Chotusitz. Etter at markgreven Wilhelm av Brandenburg vart drepen i Praha i 1744, fekk Ferdinand kommandoen over Leibgarde-bataljonen til Fredrik II av Preussen og utmerkte seg stort i slaget ved Soor (1745), spesielt i åtaket på ei bratt klippe, som vart forsvart av den eldre broren hans Ludwig Ernst von Braunschweig-Wolfenbüttel. Ferdinand deltok i den andre schlesiske krigen, der han hadde ei leiande rolle i invasjonen av Sachsen og Böhmen i 1756 under sjuårskrigen. Han deltok i slaget ved Rossbach og vart så kommandør over den allierte hæren til kurfyrstedømet Braunschweig-Lüneburg. Under ti år med fred, var han nært knytt til det militære arbeidet til Fredrik II av Preussen, som leia vakt-bataljonen og prøvde å gjere han til ein modell for heile den prøyssiske hæren. Ferdinand var òg ein av kongen sine næraste vener og vart forfremma til generalmajor og så generalløytnant.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]