Slaget ved Mollwitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Mollwitz
Del av Den austerrikske arvefølgjekrigen
Battle of Mollwitz.png
Skjematisk oversikt over slaget
Dato 10. april 1741
Stad Mollwitz i Schlesien, i dag Małujowice i Polen
Resultat Prøyssisk siger
Partar
Preussen 1701-1749 Preussen Det tysk-romerske riket 1400-1806 Austerrike[1]
Kommandantar
Fredrik II
Grev Schwerin
Feltmarskalk Wilhelm Reinhard von Neipperg
Styrkar
23 400[2] 16 600
Tap
3900 døde eller skadde
700 tatt til fange
2500 døde eller skadde
1500 tatt til fange

Slaget ved Mollwitz var eit slag mellom Preussen og Austerrike den 10. april 1741. Det var det første slaget til den nye prøyssiske kongen, Fredrik II, og begge sider gjorde store militære feil, men Fredrik den store klarte likevel å oppnå siger. Slaget stadfesta makta han hadde over det nyleg erobra området Schlesien og gav han verdifull militærerfaring.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter at Maria Teresia av Austerrike tok over trona i Kongedømet Böhmen (Tsjekkia) og Kongedømet Ungarn, såg Fredrik II høve til å raskt invadere og annekterte provinsen Schlesien (då ein del av den tsjekkiske krona), som ville gje han nye store landområde og mange nye innbyggjarar til kongedømet sitt. Han tok området med storm og hadde neste okkupert heile regionen. Troppane hans slo seg ned for vinteren og Maria Teresia rekna med ein enkelt kamp då ho sende ein hær på om lag 20 000 mann leia av Wilhelm Reinhard von Neipperg for å ta tilbake provinsen og vise seg sjølv som ein sterk monark.

Marsjen nordover[endre | endre wikiteksten]

Denne armen leia av Neipperg tok Fredrik II fullstendig på senga, medan han dvelte i provinsen, og styrkane til Neipperg gjekk raskt nordover forbi Fredrik og hæren hans for å frigjere byen Neisse, som då var omleira av ein liten prøyssisk styrke og ikkje hadde falle enno. Både Neipperg og Fredrik gjekk raskt nordover i eit kappløp om å nå byen først. Vêret var særs dårleg for begge sider, men von Neipperg nådde Neisse først og sette opp ein leir der. Fredrik II og heile hæren hans var no bak fienden sine linjer med ein stor austerriksk styrke mellom seg og resten av kongedømet, og både forsynings- og kommunikasjonslinjene hans var avskoren. Begge sider visste at slaget var uunngåeleg.

Prøyssiske førebuingar[endre | endre wikiteksten]

Informasjon frå fanga austerrikske soldatar gjorde at Fredrik nøyaktig viste styrken til Neipperg og kvar dei var ved Mollwitz. Morgontåka og snøen gjorde at Fredrik klarte å snike seg umerka innpå leiren til Neipperg, berre 2000 skritt unna. Dei fleste kommandantane ville då ha gjeve ordre om å angripe leiren og jage bort den austerrikske hæren, men sidan Fredrik aldri hadde kjempa eit slag før, valde han i staden å bringe styrkane sine i stilling langs ei slaglinje. Det var særs tung snø på bakken, som førte til flatt lys og Fredrik feilkalkulerte avstanden til elva på høgresida. Han sette fleire av einingane sine i stilling bak ein sving i elva, der dei ikkje ville kunne kome til å ta del i slaget, og fleire einingar vart sett i stilling vinkelrett til dei to slaglinjene hans på høgresida. Det vart sagt at feltmarskalk Kurt Kristoff von Schwerin tidleg kommenterte at Fredrik hadde miskalkulert avstanden, men han vart ikkje teke omsyn til.

Austerrikske førebuingar[endre | endre wikiteksten]

Neipperg var i ein like dårleg situasjon sidan han hadde oppdaga at heile hæren til Fredrik var like utanfor leiren, og ikkje berre var dei fleste soldatane til sengs, men dei var vendt mot nordvest, bort frå prøyssarane. Den austerrikske hæren vakna, sprang desperat frå leiren sin og prøvde å opprette ein god slagstyrke. Til slutt, rundt kl. 13, var begge sider klar til slaget og stod vendt andlet mot andlet.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Den prøyssiske styrken rykte fram mot den austerrikske linja i to seksjonar, men seks regiment frå det austerrikske kavaleriet med 4500 til 5000 mann og hestar, raste inn i kavaleriet på høgrevengen til den prøyssiske hæren og slo han i stykke. Dermed var den prøyssiske flanken open for åtak og det austerrikske kavaleriet vendte seg no mot det opne infanteriet. Schwerin, den prøyssiske kommandanten under Fredrik gav no Fredrik II råd om å forlate slagmarka fordi det såg ut til at dei var i ferd med å gå på eit nederlag, og kongen tok rådet til etterretning og vart nesten skoten eller fanga då han forlet slaget. Mange historikarar meiner at Schwerin gav Fredrik dette rådet slik at Schwerin kunne ta kommandoen over troppane sjølv, sidan han var ein erfaren general som hadde tent mange hærar. Skodeplassen var kaotisk på grunn av dei vinkelrette infanterieiningane som låg i stilling mellom dei to prøyssiske linjene flykta eller skaut på andre prøyssiske troppar medan det austerrikske kavaleriet raste inn i flanken deira, men på eit tidspunkt vendte det prøyssiske infanteriet, som hadde vorte trent og drilla til perfeksjon av Fredrik Vilhelm I, spontant til høgre og og fyrte av salve etter salve mot det austerrikske kavaleriet, og dei tok imot enorme tap. Leiaren for det austerrikske kavaleriet, General Römer, fekk eit dødeleg skot i hovudet frå ei prøyssisk muskettkule og med begge leiarane på vingane døde, spurte ein offiser Schwerin om kor dei skulle trekke seg tilbake. Schwerin svarte då «Vi skal trekke oss tilbake over lika til fienden vår», og gjenoppretta raskt orden på den prøyssiske høgreflanken. Eit nytt austerriksk kavaleriåtak på venstresida vart slått tilbake og Schwerin gav no ordre om å rykke fram med heile styrken. Det prøyssiske infanteriet nådde raskt fram til den austerrikske slaglinja og sidan dei var av dei best trente infanteristane på denne tida, klarte dei å avfyre 4-5 skot i minuttet med sine flintbøsser, og gjorde store innhogg i fienden. Austerrikarane vart raskt jaga bort frå slagmarka, og Fredrik den store stod att som sigerherre.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Sigeren var eigentleg feltmarskalk Schwerin sitt verk. Den prøyssiske kongen hadde flykta frå slagmarka då det såg ut til at austerrikarane kom til å vinne. Seinare svor Fredrik den store at han aldri igjen skulle forlate styrkane sine på slagmarka og stod fast ved dette til han døydde seint på 1700-talet. Han annekterte provinsen Schlesien frå Det tysk-romerske riket og lærte ei verdifull lekse ved Mollwitz. Han skal ha sagt «Mollwitz var utdanninga mi». Fredrik hadde gjort fleire feil, men klarte likevel å vinne slaget på grunn av dei veltrente soldatane sine. Frå no av viste han aggressivitet og oppelda heile hæren sin til ein aggressiv innstilling. Han gav ein ståande ordre om at kavalerikommandantane hans aldri skulle ta imot eit kavaleriåtak medan dei stod stille. Han nytta i større grad lett kavaleri, hussarar, som fungerte som tiraljørar og speidarar. Seinare skal han ha sagt «Den prøyssiske hæren går alltid til åtak».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1911 Encyclopedia Britannica McGraw-Hill, England, 1975 ISBN 0-07-059093-1, s.114 - 119, "The imperial banner was a golden yellow cloth...bearing a black eagle...The double-headed eagle was finally established by Sigismund as regent...".
  2. Chandler: The Art of Warfare in the Age of Marlborough, s.306: All statistics taken from Chandler

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]