Lenvik kommune
| Lenvik kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1931 |
| Fylke | Troms |
| Adm.senter | Finnsnes |
| Areal | 895 km² |
| Folkemengd | 11 360 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-2015) | Geir-Inge Sivertsen (H) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.lenvik.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Lenvik kommune på Commons | |
Lenvik kommune (samisk: Leaŋgáviika suohkan) ligg i Troms. Han grensar i nord mot Norskehavet og fjorden Malangen - på hi sida av Malangen ligg Tromsø i nord og Balsfjord i nordaust. I søraust grensar Lenvik mot Målselv kommune, i sør mot Sørreisa kommune, og i vest mot Tranøy og Berg. Om lag 60 % av arealet til kommunen ligg på Senja, medan resten ligg på fastlandet.
Administrasjonssenter er Finnsnes.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Lenvik kommune var ein av dei opphavlege kommunane som vart oppretta med Formannskapslovene i 1837, og var då større enn han er no. I 1848 vart Målselv kommune skilt ut frå Lenvik som eigen kommune og i 1855 skjedde det same med Hillesøy. I 1871 vart eit område med 70 innbyggjarar overført til Malangen kommune. 1. januar 1964 vart den delen av Hillesøy som låg på Senja og øya Hekkingen slått saman med Lenvik att, saman med den delen av Sørreisa kommune som låg på Senja og gardane Hellemo, Paulsrud, Johnsgård og Stormo frå Tranøy kommune. Etter dette hadde Lenvik kommune 8825 innbyggjarar. I 1972 vart eit område med 63 innbyggjarar overført frå Målselv kommune til Lenvik kommune. [2]
Delområde [endre]
Lenvik kommune er deld inn i følgjande seks delområde (innbyggjartal 2008):
- På fastlandet:
- Rossfjordområdet (981)
- Bjorelvnesområdet (466)
- Finnsnesområdet (5352)
- På Senja:
- Silsandområdet (2620)
- Gibostadområdet (885)
- Stønnesbotn/Øyfjordområdet (824)
- Heimstad ikkje oppgjeve (32)
Tettstader [endre]
Fotnotar [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Lenvik» frå Wikipedia på bokmål, den 11. april 2008.
Systerprosjekt [endre]
| Kommunar i Troms | ||
|---|---|---|
| Balsfjord · Bardu · Berg · Dyrøy · Gratangen · Harstad · Ibestad · Karlsøy · Kvæfjord · Kvænangen · Kåfjord · Lavangen · Lenvik · Lyngen · Målselv · Nordreisa · Salangen · Skjervøy · Skånland · Storfjord · Sørreisa · Torsken · Tranøy · Tromsø | ||