Finsk fonologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Finsk fonologi er karakterisert av eit rikt vokalsystem (8 vokalar), og eit relativt lite konsonantsystem (14 konsonantar). Eit sentralt suprasegmentalt trekk er kvantitet, alle vokalfonem og nesten alle konsonantfonem kan vere både lange og korte.

Segmental fonologi[endre | endre wikiteksten]

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Finsk har åtte vokalfonem, her attgjeve med IPA-symbol:

  fremre midtre bakre
ur. rund.
lukka i y   u
halvopen ɛ œ   ɔ
open æ   ɑ  

I tillegg finst det i finsk til saman 18 ulike diftongar: ai [ɑi̯], au [ɑu̯], ei [ɛi̯], eu [ɛu̯], ey [ɛy], ie [], iu [iu], iy [iy], oi [ɔi̯], ou [ɔu̯], ui [ui̯], uo [], yi [yi̯], yö [], äi [æi̯], äy [æy], öi [œi̯] og öy [œy].

Fallande diftongar yö, ie, uo

Diftongane kan delast inn i to grupper, stigande og fallande diftongar. Dei fallande diftongane er språkhistorisk sett relativt unge, dei finst t.d. ikkje i estisk. På eit tidlegare språksteg var dei långe midtre vokalar /öö, ee, oo/, lange midtre vokalar finst i dag berre i nye lånord i finsk (t.d. miljöö, filee, trikoo). Der lange vokalar blir forkorta (t.d. maa «land», partitiv fleirtal maita motsvarast av para työ:töitä, tie:teitä, suo:soita for «arbeid, veg, jord», der dei tidlegare (og moderne estiske formene) er töö, tee, soo.

Stigande diftongar äy, äi, öy, ey, ei, eu, ai, au, ou

Den vanlegaste gruppa diftongar er stigande, frå opne eller halvopne til tronge vokalar. Alle desse diftongane er svärt vanlege, med unntak av /ey, eu/, som berre finst marginalt i det finske ordforrådet.

Diftongiske vokalkombinasjonar er alltid diftongar (dvs. dei utgjer kjernen i ei staving, og ikkje i to. Alle andre vokalkombinasjonar i finsk utgjer to separate stavingar, jf. orda sa.no.a «seie», hyp.pi.ä «hoppe» (med punktum som stavingsgrense).

Vokalane /i, e/ kan danne diftongar med fremre og bakre vokalar, men bakre vokalar og fremre vokalar utom dei nøytrale /i, e/ kan ikkje danne diftong saman.

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Finsk har 14 eigne Konsonantfonem. I tillegg er det fire konsonantar (i tabellen vist med parentes) som berre førekjem i lånord.

  Bilabial Labiodental Dental Alveolar Postalveolar Palatal Velar Glottal
Plosiv p, (b)   t, d       k, (g) ʔ
Nasal m   n       ŋ  
Vibrant       r        
Frikativ   (f), v   s (ʃ)     h
Approksimant           j    
Lateral       l        

Med berre 14 konsonantfonem er finsk eit konsonantfattig språk. I ein finsk tekst er det i gjennomsnitt 96 konsonantar per 100 vokalar, der det t.d. i tysk i gjennomsnitt er 177 [1].

Det er ikkje nokon kontrast mellom stemte og ustemte konsonantar. Lyden [d] har ei spesiell rolle i finsk fonologi. I finske ord opptrer /d/ berre i innlyd som svakt stadium av [t]. Historisk går det attende til frikativen [ð] som på 1500-talet vart skrive som dh i både finsk og svensk. Seinare vart dh bytta ut med d, både i svensk og finsk. Dermed vart lyden i desse orda også uttalt d. Lyden [d] finst ikkje i nokon finsk dialekt, der finn vi i denne posisjonen r, l, ð, j eller ingenting (bortfall). Status til denne d-en var eit sentralt stridsspørsmål i den finske dialektkrigen 1820-1840.

I tradisjonelle finske ord kan det ikkje vere konsonantsamband. Eldre lånord vart tilpassa til dette kravet, alle andre enn siste konsonant vart fjerna:

  • koulu frå svensk skola
  • ranta frå urnordisk stranda

I nye lånord blir konsonantsambanda halde på.

  • stressi (Stress)
  • professori (Professor)

I slutten av finske ord kan det vere både vokalar eller konsonantane -n, -t, -l, -r und -s. Nye ord som sluttar på konsonantgrupper eller på andre konsonantar får lagt til ein -i (t. d. presidentti „President“).

Suprasegmental fonologi[endre | endre wikiteksten]

Vokalharmoni[endre | endre wikiteksten]

Mengdediagram for å vise finsk suffiksal vokalharmoni

Ein av dei sentrale fonologiske fenomena i finsk er vokalharmonien. Finsk har såkalla palatal vokalharmoni, eller fremre-bakre-homonymi. I finske ordstammar kan vokalane a, o og u ikkje opptre i lag med dei fremre vokalane ä, ö und y. I suffiks er vilkåra litt annleis: Her kan a, o, u berre opptre viss det i ordstammen opptrer a, o, u. Skilnaden mellom dei to systema er tilhøvet til dei to nøytrale vokalane i, e. Inni ordstammen kan i, e og a, o, u opptre i lag (jf. himo «begjær», leka «sleggje» ), men som suffiks etter nøytrale vokalar mo vi ha ä, ö, y, jf. kielessä «i språket». Andre døme:

  • talo (hus) – talossa (i huset)
  • metsä (skog) – metsässä (i skogen)
  • meri (havet) – meressä (i havet)

I samansette ord virkar vokalharmonien separat innanfor kvar del, og endingsvokalane rettar seg etter den siste delen.

  • Pohjanmeri (Nordsjøen) – Pohjanmeressä (i Nordsjøen)

Suffiks som ikkje har nøytrale vokalar har dermed alltid to utgåver: inessiv kan blir representert av både -ssa og -ssä, mens allativ er eit nøytralt suffiks, -lle. Framandord har ofte både fremre og bakre vokalar, og dei blir ofte justert slik at fremre vokalar blir bakre, helst når dei fremre vokalane ikkje kjem i trykksterk stilling. Eit velkjend døme er ordet for olympiade, olympialaiset, som ofte blir uttalt olumpialaiset.

Stadieveksling[endre | endre wikiteksten]

Konsonantane k, p og t er i finsk involvert i bøyinga av finske ord. Dei opptrer i to ulike rekkjer, ei sterk rekkje og ei svak rekkje. I visse bøyingsformer opptrer den sterke rekka, og i andre den svake.

Grunnregelen er at sterkt stadium blir brukt når neste staving er open (dvs. sluttar på vokal, t.d. (stavingsgrense markert med punktum) ka.tu „gate“, ka.tu.na „som ei gate“), og svakt stadium blir brukt når stavinga er lukka, (t.d. ka.dun „gatas“, ka.dul.la „på gata“).

Stadievekslinga har i ein periode i den finske språkutviklinga vore regelmessig, all stadieveksling kan historisk rekonstruerast til å følgje denne regelen. På grunn av språkhistoriske endringar er det no umogleg å setje opp ein rein fonologisk regel, vi har ofte svakt stadium i open staving og omvendt.

Trykk[endre | endre wikiteksten]

Hovudtrykket i finsk fell alltid på den første stavinga i ordet, uavhengig av lengde. Sjølv ord med kort førstestaving og lang andrestaving har tryket på første staving, som t.d. eloon «i live». Bitrykk fell i normale tilfelle på odde stavingar, dvs. på tredje, femte osb. staving i ordet, men likevel slik at det ikkje fell på den siste stavinga i ordet, jf. t.d. kalamaksaöljyä «tran» (med trykklett ä). I samansette ord fell bitrykket på første stavinga av kvar samansetjingsdel, t.d. i lånordet rucolasalaattia. Viss bitrykket fell på ei lett staving (med kort vokal og utan konsonant etterpå) blir trykket flytta til neste staving, jf. puhusimmeko («snakka vi?») vs. puhusivatko («snakka dei?»), der det første dømet har bitrykket på tredje stavinga, etter hovudregelen, mens det andre har flytta bitrykket til fjerde staving, for å unngå ein situasjon der tredje staving er lett og fjerde staving er tung. Finsk har kvantitetssensitivt bitrykk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lauri Hakulinen: Suomen kielen rakenne ja kehitys. Helsinki 1941.