Fjellrapp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjellrapp


Poa alpina a2.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatophyta
Underrekkje: Angiospermae
Klasse: Monocotyledonae
Orden: Poales
Familie: Poaceae
Slekt: Poa
Art: P. alpina
Vitskapleg namn
Poa alpina

Fjellrapp er ei plante i grasfamilien. Planta vert kring 25 cm høg. Ved grunnen av strået sit dei gamle lysgrå bladslirene tett og fast saman som ein smal sylinder. Nye bladskott og strå kjem fram langsmed strået inne i sylinderen. Mørkgrøne blad, breie fram til nær spissen. Strået grant øvst. Kort og brei topp med to greiner i nedste kransen. Mangeblomstra breie raudfiolette småaks. Alle agner breitt eggrunde. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. I Noreg er fjellrapp vanleg i alle fjelltrakter, og blomstrar kring juli månad i vierkratt, enger og snøleger, helst på kalkrik grunn. Planta finst og på turre bakkar i låglandet. Funnen opp til 2000 m i Jotunheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]