Flekkmure
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Flekkmure | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Eudicotyledonae | |
| Orden: | Rosales | |
| Familie: | Rosaceae | |
| Underfamilie: | Rosoideae | |
| Slekt: | Potentilla | |
| Art: | P. crantzii | |
| Vitskapleg namn | ||
| Potentilla crantzii
(Cr.), Fritsch
|
||
Flekkmure er ein fleirårig urt i rosefamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Planta vert kring 15 cm høg. Flekkmure set ikkje renningar og opptrer som einskilde plantar. På småbladet stikk midttanna litt ut. Blomstrarne sit øvst på stengelen. Ytterbegeret om lag så langt som begeret. Kronblad 8 mm, oftast med raudgul flekk. Blomstar kring juni månad i grasbakkar, oftast på kalkrik grunn. Veks i låglandet og til fjells gjennom heile Noreg. Funnen opp til 2210 m i Jotunheimen.
Kjelder [endre]
- Svensk wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.