Forlì

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Forlì
Hovudplassen i Forlì
Hovudplassen i Forlì
Plassering
Forlì is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Emilia-Romagna
Forlì-Cesena
Grunnlagd 188 fvt.
Borgarmeister Nadia Masini
Geografi
Flatevidd
 - By

228 km²
Innbyggjarar
 - Totalt
   - folketettleik

112 477
  472/km²
Koordinatar 44°14′″N 12°3′″EKoordinatar: 44°14′″N 12°3′″E
Høgd over havet 34 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 47100
Telefon-retningsnummer 0543
Nettstad: www.comune.forli.fo.it

Forlì (latin Forum Livii) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Forlì-Cesena i regionen Emilia-Romagna og har om lag 110 000 innbyggjarar. Han er kjend som fødestaden til den store målaren Melozzo da Forlì, humanisten Flavio Biondo, lækjaren Geronimo Mercuriali og Giovanni Battista Morgagni.

Fascistleiaren Benito Mussolini vart fødd nær Forlì, i landsbyen Predappio.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

I følgje segna vart Forlì grunnlagd i 188 fvt. av konsul Gaius Livius Salinator, som konfronterte Hasdrubal Barca og vann over han ved breidda av Metaurus (207 fvt.). Den gamle byen vart øydelagd i 88 fvt. under borgarkrigane av Gaius Marius og Sulla og bygd opp at av pretorianaren Livius Clodius. Forum Livii var visstnok ein mellomstor by som produserte jordbruksprodukt, som vart førte til markeda langs vegen Via Aemilia.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Etter at Vestromarriket fall vart byen ein del av riket til Odoacer og austgotarane før det kom under austromarane og Eksarkatet Ravenna.

Langobardane tok byen fleire gonger, i 665, 728 og 742 før han til slutt vart ein del av Kyrkjestaten i 757. På 800-talet hadde byen rista av seg styret til biskopane og oppretta seg sjølv som ein sjølvstendig italiensk bystat og Forlì vart ein republikk for første gong i 889.

I kampane mellom Welf og Ghibellini i mellomalderen valde Forlì Ghibellini si side, delvis for å bevare sjølvstende sitt. Han støtta Det tysk-romerske riket i handlingane deira i Italia og deira største rivalar var Faenza og Bologna. I løpet av denne perioden prøvde pavane fleire gonger å ta tilbake kontrollen over Forlì, stundom med bruk og trugslar om vald.

I 1242 då Fredrik II kjempa mot pave Gregorius IX støtta Forlì Fredrik då han erobra byen og rivalane deira Faenza, og som takk for hjelpa fekk dei lov å bere Hohenstaufen-ørna i byvåpenet sitt, i tillegg til andre privilegium. Då Hohenstaufen-makta kollapsa i 1257 søkte Guido I da Montefeltro den mest trufaste løytnanten til keisaren, tilflukt i Forlì, som då var den einaste sterke byen Ghibellini hadde igjen i Italia. Han tok over stillinga som capitano del popolo og førte Forlì til siger i fleire kampar mot Bologna, welfarane og mot franske styrkar send av pave Martin IV i 1282, i eit slag som vart nemnd av Dante Alighieri.

Den neste året prøvde Senatet i byen å få byen over til Kyrkjestaten og bad Guido om å forlate byen. Byen gav makta over til ein lokal condottiere i staden for å la paven få direkte kontroll og Simone Mestaguerra utnemnde seg sjølv til Herskar av Forlì. Han klarte ikkje å etterlate seg ein arving som kunne ta over trona og Forlì gjekk vidare til Maghinardo Pagano, så til Uguccione della Faggiuola (1297), og til andre, før Ordelaffi-familien kom til makta i 1302.

Lokale familiar med støtte frå paven jaga bort familien fleire gonger, i 1327–1329 og igjen i 1359–1375, men som følgje av andre hendingar vart biskopane kasta ut att av Ordelaffi. Gjennom renessansen prøvde pavane fleire gonger å ta over makta, i tillegg til at det braut ut strid mellom dei forskjellige medlemmane i Ordelaffi-familien om makta over byen.

Det moderne Forlì[endre | endre wikiteksten]

Den mest kjende frå Ordelaffi-familien var Pino III, som styrte byen frå 1466 til 1480. Pino var ein omsynslaus herksar, men bygde likevel nye bymurar og bygningar i byen og støtta kunsten. Då han døydde var makta til Ordelaffi-famlien vorte så svak at pave Sixtus IV sette inn nevøen Gerolamo Riario. Riario vart gift med Caterina Sforza, som vert kalla Kvinna av Forlì. Forlì vart omleira i 1488 av Visconti og i 1499 av Cesare Borgia, og etter sistnemnde døydde låg byen open for paven.

Forlì vart mindre kjend i hisotiren etter juni 1796, då franske troppar gjekk inn i byen under napoleonskrigane. På 1800-talet tok Forlì del i kampane under samlinga av Italia og Piero Maroncelli og Aurelio Saffi vart fødd i Forlì.

16. april 1988 tok Dei raude brigadane livet av den italienske senatoren Roberto Ruffilli, ein rådgjevar for statsminister Ciriaco de Mita.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!