Frankfurt an der Oder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Frankfurt am Main
Frankfurt an der Oder
2006-10 Slubice Frankfurt(O) panorama 01.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Frankfurt an der Oder
Frankfurt an der Oder is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Brandenburg
Ingen
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

147,61 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

61 886
  419/km²
Koordinatar 52°21′0″N 14°33′0″EKoordinatar: 52°21′0″N 14°33′0″E
Høgd over havet 19-135 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 15201–15236
Telefon-retningsnummer 0335
Bilnummer FF
Heimeside: www.frankfurt-oder.de

Frankfurt an der Oder er ein by i Tyskland og i delstaten Brandenburg ved elva Oder på grensa mellom Tyskland og Polen, like ovanfor byen Słubice, som var ein del av Frankfurt fram til 1945. Mot slutten av 1980-åra hadde byen meir enn 87 000 innbyggjarar, men folketalet hadde falle til 70 000 i 2002 og var 60 000 i 2011. [1]

Det offisielle namnet Frankfurt (Oder) og det eldre og no uformelle Frankfurt an der Oder vert brukt for å skilje han frå den større byen Frankfurt am Main.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen fekk byrettar i 1253 ved den frie vadestaden (frank furt tyder fri vadestad på tysk) kjend som Brandendamm, sjølv om busetnaden sannsynlegvis er mykje eldre. Dei første innbyggjarane haldt til på vestsida av Oder, og etter kvart strakk byen seg over til austsida (i dag Słubice). Seint i mellomalderen dominerte byen handelen på elva mellom Wrocław (Breslau) og Szczecin (Stettin). I 1430 vart Frankfurt medlem av Hansaen, men berre for ei kort stund.

På 1800-talet var Frankfurt ein viktig handelsby. Han låg sentralt plassert i Preussen mellom Berlin og Poznań, ved den tung traffikerte elva Oder, og byen hadde den nest største årlege handelsmessa i Det tyske riket. Berre messa i Leipzig var større.

Intense kampar oppstod byen i 1945 då tyskaran prøvde å stoppe sovjetarane si framrykking mot Berlin. Etter krigen vart det avgjort at grensa mellom Tyskland og Polen skulle gå langd Oder, og dette delte byen i to. Austsida vart då den polske byen Słubice.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Frankfurt an der Oder

Kjelder[endre | endre wikiteksten]