Fransk Louisiana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Louisiana / Fransk Louisiana
Område i Ny-Frankrike
16821764[1]

180304
Flag of Cross of Burgundy.svg
 
Union flag 1606 (Kings Colors).svg
 
US flag 15 stars.svg

Flagget tilLouisiana

Flagg

Location of Louisiana
Kart over Ny-Frankrike
Historie
 - Oppretta 1682
 - Delt vest til Spania 1764
 - Delt aust til Storbritannia 1764
 - Tilbake til Spania 30. november 1803
 - Louisiana-kjøpet 30. april 1803
 - Overføring til USA 10. mars 1804

Louisiana (fransk La Louisiane, La Louisiane française) eller Fransk Louisiana[1] var namnet på eit administrativt område i Ny-Frankrike. Under den franske kontrollen frå 1682-1763 og 1800-1803 var området kalla opp etter Ludvig XIV av Frankrike (fransk Louis) av den franske utforskaren René-Robert Cavelier, Sieur de la Salle. Det dekte opphavleg eit område som inkluderte det meste av nedslagsfeltet til Mississippielva og strekte seg frå Dei store sjøane til Mexicogolfen og frå Appalachane til Rocky Mountains. Louisiana var r delt i to regionar, Øvre Louisiana (fransk: Haute-Louisiane), som starta nord for Arkansaselva og Nedre Louisiana (fransk: Basse-Louisiane). Den amerikanske staten Louisiana i dag er kalla opp etter denne historiske regionen, men dekkjer eit langt mindre område enn det opphavlege franske Louisiana gjorde.[1]

Den franske utforskringa av området starta under regjeringstida til Ludvig XIV av Frankrike. Fransk Louisiana var ikkje særleg utvikla på grunn av få folk i område og mangel på økonomiske ressursar. Det franske nederlaget i sjuårskrigen enda med at Frankrike måtte gje frå seg den austlege delen av område i 1763 til sigerherrane Storbritannia, og dei vestlege områda vart gjeven til Spania som kompensasjon for at dei hadde tapt Florida. Frankrike fekk tilbake styret over det vestlege område med den hemmelege San Ildefonso-traktaten i 1800. Napoleon Bonaparte valde å selje område til USA i 1803, og Frankrike var dermed ute av Louisiana for godt.

Ein del av dette området vart seinare avstått til Storbritannia i Traktaten av 1818. Denne delen ligg nord for den 49. breiddegraden i eit område som i dag utgjer Alberta og Saskatchewan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 "La Louisiane française 1682-1803", 2002, webpage (in English): [http://www.louisiana.culture.fr/en/index.html